-
WORD Research this...2 Chronicles 20
- 1 Sidan hende det, at Moabs-sønerne og Ammons-sønerne og nokre av me’unitarne saman med deim drog i herferd mot Josafat.
- 2 Og dei kom og melde det til Josafat og sagde: «Det kjem ein stor hop imot deg frå landi på hi sida havet, frå Syria, og dei er i Haseson-Tamar, det er En-Gedi.»
- 3 Då vart Josafat rædd og tok til å søkja Herren, og lyste ut ei fasta yver heile Juda.
- 4 Då kom Juda saman og søkte hjelp hjå Herren, og dei kom frå alle Juda-byarne og søkte Herren.
- 5 Men Josafat stelte seg i samlingslyden frå Juda og Jerusalem i Herrens hus, framanfor den nye tunet,
- 6 og han sagde: «Herre, vår fedregud! Du er då Gud i himmelen, du råder yver alle heidningriki, i di hand er det kraft og velde, og imot deg kann ingen standa seg.
- 7 Hev ikkje du, vår Gud, jaga burt ibuarane i dette landet for Israel, folket ditt, og gjeve det til ættingarne åt Abraham, venen din, for alder og æva?
- 8 Og dei busette seg i det og bygde deg ein heilagdom der for ditt namn, med di dei og sagde:
- 9 «Um det kjem nokor ulukka yver oss, sverd, straffedom, farsott eller hungersnaud, då vil me stella oss upp framanfor dette huset for di åsyn, for namnet ditt bur i dette huset; og me vil ropa til deg i naudi vår, og so vil du høyra og hjelpa.»
- 10 Sjå no Ammons-sønerne og Moab og folket ifrå Se’irfjelli - du gav ikkje Israel lov til å trengja inn i deira land då dei kom frå Egyptarlandet, difor heldt dei seg burte frå deim og øyde deim ikkje -
- 11 sjå no korleis dei løner oss, med di dei kjem og vil jaga oss burt ifrå eigedomen din, som du hev gjeve oss til eiga.
- 12 Vår Gud, vil du då ikkje halda dom yver deim? for hjå oss er det ingi kraft imot denne velduge hopen, som kastar seg yver oss, og me veit ikkje kva me skal gjera, men vender augo våre imot deg.»
- 13 Og heile Juda stod framfor Herrens åsyn, ja, småborni og konorne og sønerne deira var med.
- 14 Då kom Herrens ande yver leviten Jahaziel, son åt Zakarja, son åt Benaja, son åt Je’iel, son åt Mattanja, av Asafs søner, midt i lyden,
- 15 og han sagde: «Lyd etter, heile Juda og de Jerusalems-buar og du kong Josafat! So segjer Herren til dykk: «Ottast ikkje og ræddast ikkje for denne megtige hopen! for striden er ikkje dykkar, men Guds sak.
- 16 Drag ned imot deim i morgon, då vil dei stiga upp etter vegen ved Hassis, og de skal råka deim ved enden av dalen imot Jeruel-øydemarki.
- 17 Men dermed er de ikkje dykkar sak å strida, men de skal stella dykk upp og standa stilt og sjå på korleis Herren frelser dykk, de frå Juda og Jerusalem. Ottast ikkje og ræddast ikkje, men drag imot deim i morgon, so skal Herren vera med dykk.»»
- 18 Då bøygde Josafat seg med andlitet til jordi, og heile Juda og alle Jerusalems-buarne fall ned for Herren og tilbad Herren.
- 19 Men levitarne av kahatitsønerne og korahitsønerne stod upp og lova Herren, Israels Gud, med overlag høg røyst.
- 20 Tidleg um morgonen drog dei so ut til Tekoa-øydemarki; og medan dei drog ut, stod Josafat og sagde: «Høyr meg, Juda, og de Jerusalems-buar! Tru på Herren, dykkar Gud, so stend de traust, og tru på profetarne hans, so skal de verta lukkelege!»
- 21 Og han gjorde avtale med folket og stelte upp songarar for Herren; dei skulde lova honom i heilagt skrud, medan dei drog ut fyre deim som var herbudde, og dei skulde segja: «Prisa Herren, for æveleg varer hans miskunn!»
- 22 Og straks dei tok til med fagnadropi og lovprisningarne sine, stelte Herren åtakarar som låg i løynlega imot Ammon og Moab og folket frå Se’irfjelli, som drog fram imot Juda, so dei vart slegne.
- 23 Ammons-sønerne og Moab stelte seg imot folket frå Se’irfjelli og hogg deim ned og øydelagde deim, og då dei var ferdige med deim, hjelptest dei åt med å tyna kvarandre.
- 24 Då Juda kom til utsynshaugen yver øydemarki og snudde seg imot hopen, då såg dei berre lik som låg på jordi, og ingen hadde kome seg undan.
- 25 Då drog Josafat og folket hans dit og plundra deim, og dei fann ei mengd med gods og lik og kostesame ting. Dei tok meir til seg enn dei kunde føra burt, og dei heldt på i tri dagar med å plundra, so stort var herfanget.
- 26 Den fjorde dagen samla dei seg i Lovprisingsdalen; for der lova dei Herren, og difor kalla dei den staden Lovprisingsdalen, og det heiter han den dag i dag.
- 27 So snudde dei, alle folki frå Juda og Jerusalem, med Josafat i brodden, og drog attende til Jerusalem med gleda, for Herren hadde gjeve deim gleda yver fiendarne deira.
- 28 Og dei drog inn i Jerusalem med harpor, cithrar og lurar til Herrens hus.
- 29 Og ein støkk for Gud kom yver alle dei framande riki då dei høyrde at Herren hadde stridt imot Israels fiendar.
- 30 Soleis fekk Josafats kongedøme fred, for hans Gud gav honom ro til alle sider.
- 31 So rådde Josafat yver Juda. Fem og tretti år var han då han vart konge, og fem og tjuge år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Azuba og var dotter åt Silhi.
- 32 Han gjekk på vegarne åt Asa, far sin, og veik ikkje ifrå deim, for han gjorde det som rett var i Herrens augo.
- 33 Men offerhaugarne fekk dei ikkje burt, med di folket ikkje vende hugen sin fast mot sine feders Gud.
- 34 Det som elles er å fortelja um Josafat frå fyrst til sist, det finst uppskrivi i krønikeboki åt Jehu Hananison, som er uppteke i boki um Israels-kongarne.
- 35 Sidan gjorde Josafat i Juda samlag med Ahazja, kongen i Israel, endå han for gudlaust fram.
- 36 Og han gjorde samlag med honom um å byggja skip som skulde sigla til Tarsis. Dei bygde skip i Esjon-Geber.
- 37 Men Eliezer Dodavason frå Maresa spådde mot Josafat og sagde: «For di du hev gjort samlag med Ahazja, vil Herren gjera tiltaket ditt um inkje.» Og nokre skip forliste og kunde ikkje sigla til Tarsis.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.