-
WORD Research this...2 Samuel 3
- 1 Men krigen millom Sauls-ætti og Davids-ætti vart langdrjug. David vart stendigt sterkare; men Sauls-ætti minka i magt.
- 2 David fekk søner i Hebron: Eldste sonen, Amnon, fekk han med Ahinoam frå Jizre’el;
- 3 den andre, Kilab, med Abiga’il, kona åt Nabal frå Karmel; den tridje, Absalom, var son åt Ma’aka, som var dotter åt kong Talmai i Gesur,
- 4 den fjorde, Adonia, var son åt Haggit, den femte, Sefatja, son åt Abital;
- 5 den sette, Jitream, fekk han med Egla, kona si. Desse sønerne fekk David i Hebron.
- 6 So lenge no krigen varde millom Sauls-ætti og Davids-ætti, var Abner det trygge festet for Sauls-ætti.
- 7 Men no hadde Saul havt ei fylgjekona som heitte Rispa Ajadotter. Isboset spurde Abner: «Kvifor hev du halde deg med fylgjekona hans far?»
- 8 Dei ordi av Isboset gjorde Abner brennande harm: «Er eg ein hundehaus frå Juda?» sagde han; «nett medan eg gjer sælebot mot ætti åt Saul, far din, mot frendarne hans og venerne hans, medan eg vernar deg mot å falla i henderne på David, so kjem du med vondord for eit kvende skuld!
- 9 Gud late Abner bøta no og sidan, um eg ikkje heretter fer med David etter den eiden Herren hev svore honom:
- 10 å taka kongedømet frå Sauls-ætti og reisa upp Davids kongsstol yver både Israel og Juda, frå Dan til Be’erseba.»
- 11 Isboset orka ikkje svara Abner eit ord, so rædd vart han for honom.
- 12 Abner sende straks bod til David med dei ordi: «Kven eig landet?» og han lagde til: «Gjer samband med meg, so skal eg hjelpa deg å få heile Israel yver på di sida.»
- 13 Han svara: «Det er vel. Eg gjer samband med deg. Men ein ting krev eg av deg: du kjem ikkje fram for meg utan du hev med deg Mikal Saulsdotter når du kjem.»
- 14 David sende bod til Isboset Saulsson med dei ordi: «Gjev meg Mikal, kona mi, som eg fekk til brur for hundrad huvehold av filistarar!»
- 15 Isboset sende bod og henta henne frå Paltiel La’isson, mannen hennar.
- 16 Han fylgde gråtande etter henne heilt til Bahurim. Då tok Abner og truga honom: «Gakk heim att!» Og han gjekk heim.
- 17 Abner samrådde seg med dei øvste i Israel, og sagde: «Alt lenge siden hev de ynskt dykk David til konge.
- 18 So gjer no alvor av det! For Herren hev sagt med David: «Ved handi hans David, tenaren min, vil eg fria Israel, folket mitt, frå filistarane og frå alle uvenerne.»»
- 19 Abner talde fyre Benjamins-folket og. So gjekk Abner av stad, og vilde tala med David i Hebron um alt det Israel og Benjamins-ætti hadde funne fyre å svara.
- 20 Då Abner kom til David i Hebron med tjuge mann i fylgje, gjorde David eit gjestebod for Abner og fylgesveinarne hans.
- 21 Abner sagde med David: «Lat meg ganga av stad og stemna saman heile Israel ikring deg, herre konge, so dei kann gjera samband med deg, og du kann verta konge yver so mange som du ynskjer!» David sende Abner av stad, og han drog med full trygd.
- 22 Nett då kom Joab med Davids folk heim frå ei herjeferd, og hadde rikt herfang med seg. Abner var ikkje hjå David i Hebron då. David hadde sendt honom av stad med full trygd.
- 23 Då no Joab og heile heren hans kom heim, fekk han den tiendi: «Abner Nersson kom til kongen; og kongen let honom ganga av stad med full trygd!»
- 24 Joab gjekk til kongen og sagde: «Kva er det du hev gjort? Fyrst Abner kjem til deg, let du honom ganga av stad, so han fritt fær fara sin veg!
- 25 Du kjenner vel Abner Nersson? Han kjem berre og vil lokka eitkvart utor deg, og gjæta på deg når du fær ut og fær heim, og røkja etter alt du tek deg fyre!»
- 26 Då Joab kom ut frå David, sende han bod etter Abner; og sendemennerne førde honom attende frå Bor-Hassira; men David visste det ikkje.
- 27 Då Abner kom att til Hebron, tok Joab honom til sides i porten, og lest vilja tala med honom i einmæle. Der gav han honom banesår med ein styng i livet, til hemn for dråpet på Asael, bror hans.
- 28 Då David sidan spurde dette, sagde han: «Eg og kongedømet mitt er i all æva utan skuld for Herren i blodet hans Abner Nersson.
- 29 Må det koma yver Joab og heile ætti hans! Gjev det aldri må vanta i ætti åt Joab folk som hev flod eller spillsykja, som styd seg på krykkja eller fell for sverd, eller saknar mat!»
- 30 Joab og Abisai, bror hans, hadde myrdt Abner for dråpet på broren Asael i slaget ved Gibeon.
- 31 Men David baud Joab og heile fylgjet hans: «Riv sund klædi dykkar! Sveip sekkjer um dykk! Og øya og gråt yver Abner!» Og kong David fylgde sjølv etter likbåra.
- 32 Abner vart gravlagd i Hebron. Og kongen sette i og gret ved gravi hans Abner; og heile folket gret.
- 33 David kvad eit syrgjekvede yver Abner: «Laut du Abner døy som ein dåre.
- 34 Henderne dine batt dei ikkje, føterne dine fjetra dei ikkje! Nidingsdråp er det, so som du vart drepen!» Då gret alt folket endå meir yver honom.
- 35 Alt folket kom og talde David til å eta eitkvart fyrr dagen leid. Men David svor og sagde: «Gud late meg bøta både no og sidan, um eg smakar matbiten eller noko som helst fyre soleglad!»
- 36 Heile folket merkte seg ordi og lika det godt. I det heile lika folket godt alt det kongen gjorde.
- 37 Heile folket og heile Israel skyna den dagen at kongen ingi skuld hadde i dråpet på Abner Nersson.
- 38 Kongen sagde med tenararne sine: «Veit de det er ein hovding og stor mann som er fallen i dag i Israel?
- 39 Eg er endå veik, endå eg er salva til konge. Og desse kararne, Seruja-sønerne, er sterkare enn eg. Herren løne nidingen etter nidingsverket hans!»
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.