-
WORD Research this...Acts 23
- 1 Då feste Paulus augo på rådet og sagde: «Brør! Eg hev med alt godt samvit fare mi ferd for Gud til denne dag.»
- 2 Øvstepresten Ananias baud deim som stod der, å slå honom på munnen.
- 3 Då sagde Paulus til honom: «Gud skal slå deg, du kalka vegg! Og du sit her og skal døma meg etter lovi, og imot lovi byd du at dei skal slå meg!»
- 4 Dei som stod der, sagde: «Skjeller du ut Guds øvsteprest?»
- 5 Og Paulus sagde: «Eg visste ikkje, brør, at det var øvstepresten; for det stend skrive: «Ein hovding for ditt folk skal du ikkje skjella!»»
- 6 Då no Paulus visste at den eine parten av deim var sadducæarar, og den andre farisæarar, ropa han i rådet: «Brør! Eg er ein farisæar, son åt farisæarar; det er for von og for uppstoda av daude at eg stend her for retten.»
- 7 Då han hadde sagt dette, vart det strid millom farisæarane og sadducæarane, og flokken vart usamd.
- 8 For sadducæarane segjer at det ikkje er nokor uppstoda og ingen engel eller ånd heller. Men farisæarane vedkjenner seg båe dei ting.
- 9 No vart det eit stort skrik, og skriftlærde av farisæarflokken stod upp og stridde hardt og sagde: «Me finn inkje vondt hjå dette menneskjet; um det no var ei ånd som tala til honom, eller ein engel?»
- 10 Då det vart stor strid, og den øvste hovudsmannen vart rædd for at dei skulde slita Paulus sund, baud han hermennerne ganga ned og riva honom ifrå deim og føra honom inn i borgi.
- 11 Men natti etter stod Herren framfyre honom og sagde: «Ver hugheil! liksom du vitna um meg i Jerusalem, so skal du og vitna i Rom.»
- 12 Men då det vart dag, slo jødarne seg saman og forbanna seg på at dei korkje skulde eta eller drikka fyrr dei hadde drepe Paulus.
- 13 Det var meir enn fyrti som soleis hadde samansvore seg;
- 14 og dei gjekk til øvsteprestarne og dei eldste og sagde: «Me hev forbanna oss på at me ikkje skal smaka nokon ting fyrr me hev drepe Paulus.
- 15 No må de då saman med rådet lata den øvste hovudsmannen vita, at han skal føra honom ned til dykk, liksom de vilde ransaka grannare um honom. So held me oss ferdige til å drepa honom fyrr han når fram.»
- 16 Men systerson til Paulus fekk høyra um den løynrådi, og han kom og gjekk inn i borgi og fortalde Paulus det.
- 17 Paulus kalla då ein av hovudsmennerne til seg og sagde: «Før denne unge mannen til den øvste hovudsmannen, for han hev noko å melda honom.»
- 18 Han tok honom då med seg og førde honom til den øvste hovudsmannen og sagde: «Den bundne Paulus kalla på meg og bad meg føra denne unge mannen til deg, då han hadde noko å segja deg.»
- 19 Den øvste hovdingen tok honom ved handi og gjekk i einrom med honom og spurde: «Kva er det du hev å melda meg?»
- 20 Han sagde: «Jødarne er samrådde um å beda deg at du i morgon skal føra Paulus ned til rådet, liksom dei vilde spyrja noko grannare um honom.
- 21 Du må ikkje gjera deim til viljes, for meir enn fyrti menner av deim lurer i løynd på honom, og dei hev forbanna seg på at dei korkje skal eta eller drikka fyrr dei hev drepe honom; og no er dei ferdige og ventar på ja-minne frå deg.»
- 22 Den øvste hovudsmannen let då den unge mannen ganga og baud honom: «Du må ikkje fortelja nokon at du hev late meg vita dette!»
- 23 Og han kalla til seg eit par av hovudsmennerne og sagde: «Lat tvo hundrad hermenner helda seg ferdige til å fara til Cæsarea, og sytti hestfolk og tvo hundrad skyttarar, frå den tridje timen på natti!»
- 24 Og han baud at dei skulde halda øyk i stand, so dei kunde lata Paulus rida på deim og føra honom trygt fram til landshovdingen Feliks.
- 25 Og han skreiv eit brev med dette innhaldet:
- 26 «Klaudius Lysias helsar den megtige landshovdingen Feliks.
- 27 Denne mannen, som var gripen av jødarne og so nær hadde vorte drepen av deim, honom kom eg og fria ut med herfolket, då eg fekk vita at han var romersk borgar;
- 28 og då eg vilde vita kva sak det var dei klaga honom for, førde eg honom ned for rådet deira.
- 29 Eg fann honom då klaga for nokre spursmål i deira lov, men utan noko klagemål som gjorde honom skuldig til daude eller lekkjor.
- 30 Men då det no er meldt meg at ei meinråd mot mannen er i gjerdom, sender eg honom straks til deg, etter at eg hev bode klagarane hans å bera fram for deg det dei hev å segja.»
- 31 So tok då hermennerne Paulus, so som det var deim pålagt, og førde honom um natti til Antipatris,
- 32 og dagen etter let dei hestfolket draga med honom og vende so um att til borgi.
- 33 Hine kom då til Cæsarea og gav landshovdingen brevet, og dei førde og Paulus fram for honom.
- 34 Då han hadde lese det og spurt kva land han var ifrå, og hadde fenge vita at han var frå Kilikia, sagde han:
- 35 «Eg skal taka deg i forhøyr når klagarane dine kjem.» Og han baud at han skulde haldast i varetekt i Herodes-borgi.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.