-
WORD Research this...Daniel 4
- 1 Kong Nebukadnessar til alle folk og ætter og tungemål som bur på heile jordi: Heil og sæl!
- 2 Eg hev funne for godt å kunngjera dei teikn og under som den høgste Gud hev gjort mot meg.
- 3 Kor store er ikkje teikni hans, og megtige hans under! Riket hans er eit æveleg rike, og veldet hans varer frå ætt til ætt.
- 4 Eg, Nebukadnessar, sat i god ro i huset mitt og livde lukkeleg i kongsgarden mitt.
- 5 Då hadde eg ein draum som skræmde meg; eg tok fæla av draumsviv i mi seng og av ei syn som eg såg.
- 6 Difor gav eg ut bod um at dei skulde henta alle dei vise i Babel til meg, so dei kunde segja meg uttydingi på draumen.
- 7 So kom då runemeistrarne, manararne, kaldæarane og stjernetydarane, og eg fortalde deim draumen; men dei kunde ikkje segja meg uttydingi på honom.
- 8 Til slutt kom Daniel og inn for meg, han som hadde fenge namnet Beltsassar etter namnet på guden min, og som anden åt heilage gudar er i; og eg fortalde honom draumen soleis:
- 9 «Beltsassar, du som er den øvste millom runemeistrarne, um deg veit eg at anden åt heilage gudar er i deg, og at ingen løyndom er for svær for deg; so seg meg kva eg såg i draumen min, og kva det tyder.
- 10 Dette var den syni eg hadde på lægjet mitt: Eg såg i syni mi eit tre standa midt på jordi, og det treet var ovleg høgt.
- 11 Ja, stort og veldugt var treet, og so høgt at det rakk til himmels og var synlegt alt til enderne av jordi.
- 12 Det hadde fager lauvklænad, og det bar mykje frukt, so det hadde føde åt alle. Dyri på marki fann skugge under det, og fuglarne under himmelen budde i greinerne på det, og alt kjøt fekk si føda frå det.
- 13 So såg eg i den syni som eg hadde på lægjet mitt, korleis ein heilag vaktar steig ned frå himmelen.
- 14 Han ropa med høg røyst og sagde: «Hogg ned treet, og skjer greinerne av det, riv lauvklædnaden av, og spreid frukti, so dyri som ligg under det, lyt fara sin veg, og fuglarne flyg burt ifrå greinerne på det.
- 15 Men lat stuven med røterne standa att i jordi, men bunden med lekkjor av jarn og kopar, midt i grøne graslendet; av doggi frå himmelen skal han vætast, og hava sin lut med dyri millom urterne på marki.
- 16 Hjarta hans skal skapast um, so det ikkje er eit mannehjarta meir; eit dyrehjarta skal han få, og sju tider skal skrida fram yver honom.
- 17 So er det skipa ved rådgjerd av vaktarane, og so hev dei heilage sagt i saki, so mykje dei levande skal sanna at det er den Høgste som råder yver manneriket og gjev det til kven han vil, ja, set den ringaste millom menneskje yver det.»
- 18 Soleis var draumen som eg, kong Nebukadnessar, hadde. Og no må du, Beltsassar, segja kva han tyder; for ingen av dei vise i riket mitt kann segja meg uttydingi; men du kann det vel, for anden åt heilage gudar er i deg.»
- 19 Då stod Daniel, han som dei og kalla Beltsassar, ei stund forfærd og full av urolege tankar. Men kongen tok atter til ords og sagde: «Beltsassar, lat ikkje draumen og det som han tyder, skræma deg!» Beltsassar svara og sagde: «Herre min, gjev draumen måtte gjelda deim som hatar deg, og tydingi på honom fiendarne dine!
- 20 Treet du såg, som var so stort og so veldugt, og so høgt at det rakk til himmels og var synlegt yver all jordi,
- 21 og som hadde so fager lauvklædnad, og bar so mykje frukt at det gav føda åt alle, treet som dyri på marki budde under, og som fuglarne under himmelen hadde reiri sine i greinerne på,
- 22 det er du sjølv, konge, du som er so stor og veldug; stordomen din hev vakse so han når til himmels, og veldet ditt strekkjer seg til endarne av jordi.
- 23 Men at kongen såg ein heilag vaktar stiga ned frå himmelen, som sagde: «Hogg ned treet og øydelegg det, men lat stuven med røterne standa att i jordi, bunden med lekkjer av jarn og kopar, midt i grøne graslendet! av doggi frå himmelen skal han vætast, og hava sin lut millom dyri på marki, til dess sju tider hev skride fram yver honom -
- 24 det tyder, konge, og dette er rådgjerdi åt den Høgste som råkar herren min, konge:
- 25 Du skal verta utstøytt frå menneski og ljota bu millom dyri på marki og eta gras som uksarne og verta vætt av doggi frå himmelen, og sju tider skal skrida fram yver deg til dess du sannar at det er den Høgste som råder yver mannariket og gjev det til kven han vil.
- 26 Men at det vart bode at trestuven og røterne skulde standa att, det tyder at du skal få hava riket ditt, når du hev sannkjent at himmelen hev magti.
- 27 Difor må du, konge, lata mitt råd tekkjast deg, og gjera deg fri frå synderne dine med di du gjer godt, og frå misgjerningarne dine med di du gjer sælebot mot dei fatige, um lukka di då kann henda kunde verta varande.»»
- 28 Alt dette kom yver kong Nebukadnessar.
- 29 Tolv månader etter gjekk kongen ein gong ikring på taket av kongsslottet i Babel.
- 30 Då tok kongen til ords og sagde: «Sjå, dette er det store Babel, som eg hev bygt til kongssæte med mi velduge magt, min herlegdom til æra!»
- 31 Fyrr ordet endå var or munnen på kongen, kom det ei røyst frå himmelen: «Deg, kong Nebukadnessar, vere det sagt: Kongedømmet hev vike frå deg;
- 32 du skal verta utstøytt frå menneski og ljota bu millom dyri på marki og eta gras som uksarne, og sju tider skal skrida fram yver deg, til dess du sannar at den Høgste råder yver manneriket og gjev det til kven han vil.»
- 33 I same stundi slo dette ordet til på Nebukadnessar; han vart utstøytt frå menneski og laut eta gras som uksarne, og kroppen hans vart vætt av doggi frå himmelen, til dess at håret hans voks og vart som ørnefjører, og til dess neglerne hans vart som fugleklør.
- 34 Men då tidi var lidi, lyfte eg, Nebukadnessar, augo mine upp til himmelen og fekk vitet mitt att. Då lova eg den Høgste, eg prisa og æra honom som liver æveleg, han som hev eit velde som er eit ævelegt velde, og eit rike som varer frå ætt til ætt.
- 35 Alle som på jordi bur, er som inkje å agta imot honom, for han gjer kva han vil, både med himmelheren og med deim som bur på jordi, og ingen kann standa seg imot hans hand eller segja til honom: «Kva gjer du?»
- 36 So fekk eg då på den tidi vitet mitt att, og eg fekk att min herlegdom og glans, mitt kongedøme til æra, og rådsherrarne og stormennerne mine leita meg upp. Og eg vart innsett i kongedømet mitt att, og endå større magt vart meg gjevi.
- 37 Difor prisar no eg, Nebukadnessar, og høglovar og ærar kongen i himmelen; for alle hans gjerningar er sanning, og vegarne hans er rette, og han kann bøygja deim ned som ferdast i ovmod.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.