-
WORD Research this...Deuteronomy 28
- 1 Høyr du no med åthug på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du alle dei bodi eg gjev deg i dag, so skal han hevja deg høgt yver alle lydar på jordi.
- 2 Kvar velsigning eg nemner, skal nå deg og taka deg att, so sant som du vil høyra på røysti åt Herren, din Gud:
- 3 Velsigna vere du i by! Velsigna vere du på land!
- 4 Velsigna barnet i ditt fang! Velsigna avlen av di jord! Velsigna buskapen du el, Velsigna kalv og lamb og kid!
- 5 Velsigna hjå deg korg og trog!
- 6 Velsigna ver du når du kjem inn! Velsigna ver du når du gjeng ut!
- 7 Når fiendarne reiser seg mot deg, skal Herren fella deim ned for din fot; på ein veg kjem dei farande imot deg, men på sju vegar skal dei ljota fly.
- 8 Til lukka skal din Herre senda bod at ho skal bu hjå deg i buderne dine og fylgja deg i all di ferd og gjerd; for Herren vil at du skal liva sæl uti det landet han hev etla deg.
- 9 Ja, til eit heilagt folk vil Herren gjera deg, vigt åt honom sjølv, som han hev lova deg, so framt du held hans bod og ferdast på hans veg;
- 10 og alle folk på jordi skal få sjå at du med rette heiter Herrens lyd, og dei skal ræddast deg.
- 11 Nøgdi av alt som godt er skal Herren senda deg, av born og buskap og av alt som marki ber, og du skal bu og byggja i det land han lova federne å gjeva deg.
- 12 Si rike bud i himmelen skal han lata upp for deg, so landet ditt i tidom fær det regn som trengst, og alt vert signa som du tek deg til; og du skal låna burt til mange folk, men aldri skal du turva låna sjølv.
- 13 Til hovud skal Herren setja deg, og aldri skal du verta hale. Høgre og høgre skal du stiga upp, og aldri meir skal du siga ned, so sant du berre lyder Herrens bod - deim som eg no legg fram for deg, so du skal halda deim og liva etter deim -
- 14 og aldri tek utav den rette leid, og gløymer ordi som eg lærde deg, og fylgjer nokon annan Gud, og bed til honom.
- 15 Men vil du ikkje høyra på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du ’kje alle bodi og loverne hans, deim som eg legg fram for deg i dag, skal det ganga deg so at kvar våbøn eg nemner, skal nå deg og taka deg att:
- 16 Forbanna vere du i by! Forbanna vere du på land!
- 17 Forbanna hjå deg korg og trog!
- 18 Forbanna borni som du fær! Forbanna avlen av di jord! Forbanna buskapen du el, forbanna kalv og lamb og kid!
- 19 Forbanna ver når du kjem inn! Forbanna ver når du gjeng ut!
- 20 Forbanning, støkk og trugsmål sender Herren yver deg, kva du so tek deg til og gjer, til du vert tynt og vonom fyrr kverv burt, for di du jamt hev gjort so mykje vondt og falle frå din Gud.
- 21 Farangar skal han lata hanga atti deg, til han hev rudt deg ut or landet som du er på vegen til og skal slå under deg.
- 22 Med sott som syg og brenn skal han søkja deg, med hiteflagor og med verk og svull, med turkår og med moldaks og med rust, og dei skal elta deg til du er kvitt.
- 23 Himmelen uppyver deg skal vera som eit kopartak, og jordi under føterne dine som av jarn.
- 24 Regnet i landet ditt skal verta dust og sand, som fell nedyver deg til du vert kjøvd.
- 25 For fiendarne skal du rjuka: på ein veg skal du fara imot deim; og på sju vegar skal du fly. Ei skræma vert du for kvart rike jordi rundt.
- 26 Til mat for fuglarne i lufti vert ditt lik, og for dei ville dyri; ingen jagar deim.
- 27 Egyptarsotti sender Herren yver deg, kaunar og skabb og sårke, utan lækjevon;
- 28 vitløysa, hjartestøkk og blindskap sender han;
- 29 då lyt du trivla deg fram midt i dagsens ljos, den blinde lik som all tid gjeng i myrkrer, og aldri når du målet som du stemnar mot. Plåga og plundra vert du dag for dag, og ingen finst det som kann hjelpa deg.
- 30 Ein annan mann tek bruri di i fang; i huset du hev bygt, fær du ’kje bu; av hagen du hev stelt, fær du ’kje frukt.
- 31 Slagta vert uksarna dine med du ser på det; men du fær ikkje smaka deira kjøt; asni vert rana frå deg, og kjem aldri att; og fienden tek sauerne - ingen hjelper deg.
- 32 Borni vert gjevne til eit framandt folk, og augo dine skodar det, og græt seg såre etter deim all dagen lang; men det er ingi magt i handi di.
- 33 Eit folk du ikkje kjenner, et upp det som du hev avla på di fedrejord, og alt som du hev vunne med ditt stræv; trælka og trådd på vert du jamt og samt.
- 34 Du kjem til å missa vitet av den syn som du lyt sjå for augo dine stødt.
- 35 Med vonde verker søkjer Herren deg, på kne og legg, frå hovud og til fot, og aldri fær du att helsa meir.
- 36 Deg og den kongen du set yver deg, skal Herren føra langt burt til eit folk som korkje du eller federne hev kjent; der lyt du tena andre gudar, stokk og stein;
- 37 ein spegel, eit ordtøke og ei spott vert du for alle folk som Herren let deg koma til.
- 38 På åkrarne sår du ut mykje korn, men lite er det du fær samla inn; for grashopparne gneg brodden av.
- 39 Vinhagar kostar du, og dyrkar deim; men aldri fær du drukke eller lagt vin; for makken et upp både blom og blad.
- 40 I heile landet er det oljetre; men endå fær du aldri salva deg; det kastar karten, oljetreet ditt.
- 41 Born fær du, men du må ’kje hava deim; for dei vert hertekne og førde burt.
- 42 Avåtet legg seg tett på alle tre og grøda som veks upp av jordi di.
- 43 Den framande som bur hjå deg stig upp, høgre og høgre, yver deg, og du sig allstødt djupare og djupare.
- 44 Han hev so han kann låna burt til deg, men du hev inkje å låna honom; han vert til hovud, og du vert til hale.
- 45 Og alle desse våbønerne kjem yver deg og råmar deg, so du vert øydelagd, for di du ikkje lydde Herrens ord, og ikkje heldt hans bod og loverne han gav.
- 46 Og dei skal verta til eit bisn og teikn, som allstødt fylgjer deg og ætti di.
- 47 For di du ikkje tente Herren din med gleda og av hjartans hug den gongen du hadde flust av alt,
- 48 so skal du svolten, tyrst og klædelaus og aud for all ting tena fienden som Herren sender mot deg, og eit jarnok skal han leggja på din hals, til du vert kverkt.
- 49 Herren skal bjoda ut mot deg eit folk langt burtantil, frå verdsens ytste land; brått, liksom ørnen slær ned, kjem dei yver deg, og ikkje kann du skyna deira mål -
- 50 eit hardleitt folk, som ingen age hev for den som gamall er, og ingen medynk med den som er ung;
- 51 dei et upp alt du fær av buskapen, og all di avling, til du svelt i hel, av di dei ikkje leiver anten korn eller vin eller olje, anten kalv eller lamb, fyrr dei hev fenge øydt og snøydt deg reint.
- 52 Dei kringset deg i kvar ein by du hev, til dess dei høge, sterke murarne du lit på, fell i heile riket ditt; dei kringset deg i alle byarne i heile landet Gud hev gjeve deg.
- 53 Då skal du eta eige kjøt og blod, dei borni som din Gud hev gjeve deg, so stor ei trengsla og so hard ei naud kjem fienden til å føra yver deg.
- 54 Den kjælnaste og vandaste av menn skal sjå med ovundsauga på sin bror, og på si kona, som han held i fang, og på dei siste borni han hev att,
- 55 og ikkje nennast gjeva deim ein grand av kjøtet av dei borni som han et, av di han ingen annan ting hev att til å berga seg med i den naud og trong som fiendarne fører yver honom når dei kringset dykk i kvar borg og by.
- 56 Den kjælnaste og mest forvande dros som aldri baud til å setja fot på jordi for berre blautlæte og kjælenskap, ho ser med ovundsauga på sin mann, han som fekk kvila innmed hennar barm, og på sin eigen son, og dotter si,
- 57 og gjev deim ikkje av si etterferd, eller av det vesle barnet som ho fekk, men, snøydd for alt, et ho det sjølv i løynd, til å berga livet i den naud og trong som fiendarne fører henne i når han kringset dykk i kvar by og borg.
- 58 Held du ’kje alle bod i denne lov, deim som stend skrivne her i denne bok, ottast du ikkje det høgheilage og agelege namnet åt din Gud,
- 59 skal Herren senda fæle ulukkor yver deg sjølv og yver ætti di, svære og endelause ulukkor og endelause vonde sjukdomar.
- 60 Egyptar-sjukarne som du er so rædd, deim skal han føra yver deg på ny, og dei skal alle hanga atti deg.
- 61 Og kvar ei sott og kvar ei ulukka som er unemnd i denne lovboki, skal Herren lata koma yver deg, til du er heiltupp tynt og øydelagd,
- 62 og de som fyrr var liksom stjernorne på himmelen i tal, skal minka burt, so de er att berre tvo, tri mann, for di du ikkje lydde Herrens bod.
- 63 Og liksom Herren fyrr hev gledt seg i å gjera vel mot dykk og auka dykk, so skal han sidan gleda seg når han let dykk forkomast fort og øydast ut, og de skal rykkjast upp utor det land de no vil inn i og slå under dykk.
- 64 Herren skal spreida dykk bland alle folk, frå heimsens eine ende og til hin; der lyt du tena avgudar, som du og federne dine aldri hev kjent til, gudar av stokk og stein,
- 65 og aldri fær du ro hjå desse folki, aldri finn du nokon kvilestad for foten din. Herren skal gjeva deg ei sjæl som skjelv, innsokne augo og ein visna hug;
- 66 då tykkjer du ditt liv heng etter eit hår; du bivrar natt og dag, og aldri er du trygg for livet ditt.
- 67 Kvar morgon segjer du: «Gjev det var kveld!» og vert det kveld: «Gjev det var morgon att!» Slik rædsla kjenner du i hugen din, og slik ei syn lyt augo dine sjå.
- 68 På skip skal Herren senda dykk attende til Egyptarland, den vegen som eg sagde deg at du aldri meir skulde sjå; der skal de verta bodne ut i mengd åt dykkar fiendar til trælar og til trælkvende, men ingen idest kjøpa dykk.»
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.