-
WORD Research this...Deuteronomy 9
- 1 Høyr, Israel! No gjeng du yver Jordan, og skal leggja under deg folkeslag som er større og sterkare enn du, svære byar med murar som når radt til himmels,
- 2 eit stort kjempefolk, Anaks-sønerne, som du kjenner, og som du hev høyrt det ordet um: «Kven kann standa seg mot Anaks-sønerne?»
- 3 So kom då i hug at Herren, din Gud, gjeng fyre deg som ein øydande eld; han skal tyna deim, og han skal slå deim ned for deg, so du snart fær drive deim burt og rudt deim ut, soleis som Herren hev sagt deg.
- 4 Men når han støyter deim ned framfyre deg, må du ikkje tenkja som so: «For di eg er god og rettvis, hev Herren ført meg hit og gjeve meg dette landet.» Nei, Herren driv desse folki ut for di dei er gudlause.
- 5 Det er ikkje for di du er god og rettvis, eller for di du er truverdug og ærleg, at du skal koma dit og få landet deira, men for di dei er gudlause, driv Herren deim ut, og av di han vil halda det ordet han gav federne dine, Abraham og Isak og Jakob.
- 6 So skal du då vita at det ikkje er for di rettferd skuld Herren, din Gud, gjev deg dette gilde landet til eiga; for du er eit hardkyndt folk.
- 7 Kom i hug og gløym ikkje korleis du arga upp Herren, din Gud, i øydemarki! Alt ifrå den dagen de for frå Egyptarlandet og til de kom hit, hev de sett dykk upp imot Herren.
- 8 Attmed Horeb arga de og Herren, so han vart harm på dykk og vilde rydja dykk ut.
- 9 Det var den gongen eg gjekk upp på fjellet og skulde taka imot steintavlorne, deim som Herrens pakt med dykk var skrivi på; då var eg på fjellet i fyrti jamdøgar, og gjorde korkje åt eller drakk.
- 10 Og Herren gav meg dei tvo steintavlorne; dei hadde han sjølv skrive på med fingeren sin, og der stod alle dei ordi som han tala til dykk på fjellet, midt utor elden, samkomedagen.
- 11 Då dei fyrti jamdøgri var lidne, gav Herren meg dei tvo steintavlorne, sambandstavlorne,
- 12 og sagde til meg: «Skunda deg ned att; for folket ditt, som du fylgde ut or Egyptarland, hev bore seg stygt åt; det var ’kje lenge fyrr dei tok utav den leidi eg synte deim; dei hev støypt seg eit gudebilæte!
- 13 Eg hev halde auga med dette folket,» sagde Herren, «og set at det er eit hardkyndt folk.
- 14 Lat no meg råda, so vil eg gjera ende på deim, og rydja namnet deira ut or verdi, og so vil eg gjera deg til eit folk som er større og sterkare enn dei.»
- 15 So snudde eg meg, og gjekk ned av fjellet, og fjellet stod i ljos loge; og dei tvo sambandstavlorne bar eg i henderne.
- 16 Då fekk eg sjå at de hadde synda mot Herren, dykkar Gud, og støypt dykk ein gullkalv; de hadde alt teke utav den leidi Herren synte dykk.
- 17 So tok eg og kasta båe tavlorne or henderne, og slo deim sund for augo dykkar.
- 18 Og sidan låg eg på kne for Herren, liksom fyrre gongen, i fyrti dagar og fyrti næter, og smaka korkje mat eller drikka, for di de hadde ført so stor ei synd yver dykk, og gjort det som Herren mislika, so han vart harm;
- 19 for eg ottast Herren var vorten so vill og vond på dykk at han vilde rydja dykk ut. Og Herren høyrde bøni mi den gongen og.
- 20 Aron og var Herren fælande harm på, og vilde tyna honom; og eg laut beda for Aron og den gongen.
- 21 Men syndeverket dykkar, kalven, tok eg og kasta på elden, og kruste honom, og mulde honom sund, so han vart til dust, og dusti kasta eg i bekken som renn ned frå fjellet.
- 22 I Tabera og Massa og Kibrot-Hatta’ava harma de og Herren.
- 23 Og då han vilde de skulde taka ut frå Kades-Barnea, og sagde: «Far upp og tak det landet som eg hev gjeve dykk!» då var de ulyduge mot Herren, dykkar Gud, og leit ikkje på honom, og høyrde ikkje på det han sagde;
- 24 ulyduge mot Herren hev de vore so lenge eg hev kjent dykk.
- 25 So låg eg då på kne for Herren alle dei fyrti dagarne og næterne som de veit; for Herren hadde sagt at han vilde tyna dykk.
- 26 Og eg bad til Herren og sagde: «Herre, min Gud, gjer ikkje ende på ditt eige folk, som du hev fria ut med di allmagt, og leidt ut or Egyptarland med di sterke hand!
- 27 Kom i hug tenarane dine, Abraham og Isak og Jakob, og tenk ikkje på kor hardt og gudlaust og syndugt det er, dette folket!
- 28 Elles kunne dei segja so som i det landet du hev ført oss utor: «Herren var ikkje god til å fylgja deim fram til det landet han hadde lova deim, og han hata deim og; difor førde han deim ut i øydemarki, og let deim døy der.»
- 29 Dei er då din eigen lyd, som du hev leidt ut med di store magt og din sterke arm.»
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.