-
WORD Research this...Genesis 44
- 1 Sidan sagde han med den som stod fyre huset hans: «Fyll sekkjerne åt desse mennerne med grjon, so mykje som dei kann føra, og legg pengarne åt kvar av deim ovanpå i sekken hans.
- 2 Og staupet mitt, sylvstaupet, det skal du leggja øvst i sekken åt den yngste av deim, i hop med kornpengarne hans.» Og han gjorde som Josef sagde honom fyre.
- 3 Um morgonen, med same det ljosna, let dei mennerne fara av stad med asni sine.
- 4 Dei var ikkje langt utum byen komne, då Josef sagde med den som stod fyre huset hans: «Upp, og set etter mennerne, og fyrst du når deim att, so seg ned deim: «Kvi løner de godt med ilt?
- 5 Er ikkje dette det staupet som husbonden min drikk av, og som han plar spå i? Dette var ille gjort av dykk!»»
- 6 Og han tok deim att, og sagde dette med deim.
- 7 Då sagde dei med honom: «Kvi talar du soleis, herre? Gud frie tenarane dine frå å gjera slikte ting.
- 8 Sjå no, dei pengarne som me fann øvst i sekkjerne våre, deim hadde me med hit til deg att frå Kana’ans-landet. Kvi skulde me då stela sylv eller gull utor huset åt husbonden din?
- 9 Den av tenarane dine som det vert funne hjå, han skal døy, og me andre skal vera trælarne dine.»
- 10 «Ja,» sagde han, «lat det vera so som de segjer! Den som det vert funne hjå, skal vera trælen min, men dei andre skal vera saklause.»
- 11 So skunda dei seg, og lyfte klyvjarne ned på marki, og løyste upp kvar si klyv.
- 12 Og han rannsaka; han tok til hjå den eldste, og enda hjå den yngste. Og staupet vart funne i sekken hans Benjamin.
- 13 Då reiv dei sund klædi sine, og klyvja på asni att, og for attende til byen.
- 14 Og Juda og brørne hans gjekk inn til huset åt Josef, for han var der endå, og dei kasta seg å gruve for honom.
- 15 Og Josef sagde med deim: «Kva er det de hev gjort no? Veit de ikkje at ein mann som eg kann finna ut det som er dult?»
- 16 Då sagde Juda: «Kva skal me segja til deg, herre? Korleis skal me taka til ords? Kva skal me orsaka oss med? Gud hev funne brotet åt tenarane dine. Sjå, me vil vera trælarne dine, både me og han som staupet vart funne hjå.»
- 17 Men han sagde: «Gud frie meg frå å gjera slikt! Den som staupet vart funnen hjå, han skal vera trælen min. Men de andre kann fara i fred heim til far dykkar.»
- 18 Då steig Juda fram for honom og sagde: «Høyr meg, herre! Lat tenaren din få tala eit ord til deg, herre, og lat ikkje vreiden din loga upp mot tenaren din! For du er som Farao sjølv!
- 19 Du spurde oss, herre, og sagde: «Hev de nokon far eller bror?»
- 20 Då sagde me til deg: «Ja, me hev ein gamall far, og han hev ein liten son, som han fekk på sine gamle dagar, bror åt denne sveinen er burte, og han er att åleine etter mor si, og far hans held honom so kjær.»
- 21 Og du sagde til oss: «Kom hit til meg med honom, so eg fær sjå honom med mine eigne augo!»
- 22 Då sagde me til deg: «Sveinen må ikkje skiljast frå far sin; skilst han ifrå honom, so døyr faren.»
- 23 Og du sagde til oss: «Kjem ikkje yngste bror dykkar hit med dykk, so skal de ikkje oftare koma for augo mine.»
- 24 Då me so kom heim att til far vår, tenaren din, fortalde me honom kva du hadde sagt, herre.
- 25 Og far vår sagde: «Far i vegen att og kjøp noko grjon åt oss!»
- 26 Då sagde me: «Me torer ikkje koma der att. Men er yngste bror vår med oss, so skal me fara der ned. For me fær ikkje koma mannen for augo utan yngste bror vår er med.»
- 27 Og far vår sagde med oss: «De veit at eg fekk tvo søner med kona mi.
- 28 Og den eine vart burte for meg, og eg sagde: «Han er visst ihelriven;» for eg hev aldri set honom sidan.
- 29 Tek de no denne og ifrå meg, og vert han fyre ei uheppa, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sut og harm ned i nåheimen.»
- 30 Skal eg no koma heim til far min, og me hev ikkje med oss sveinen, som hjarta hans heng so fast ved,
- 31 då vert det dauden hans, med same han ser at sveinen ikkje er med, og me lyt senda dei grå håri åt far vår med sut og sorg ned i nåheimen.
- 32 For eg tok på meg å svara for sveinen hjå far min, og sagde: «Kjem eg ikkje heim til deg att med honom, so skal eg vera saka i det for far min alle mine dagar!»
- 33 Lat difor meg få vera att i staden for sveinen, og vera trælen din, og lat sveinen få fara heim att med brørne sine.
- 34 For korleis kunde eg koma heim att til far min, når sveinen ikkje var med? Eg tolde ikkje sjå på den sorg som då kom yver far min.»
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.