-
WORD Research this...Jeremiah 18
- 1 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:
- 2 Statt upp og gakk ned til krusmakar-huset, og der skal eg lata deg høyra ordi mine.
- 3 Eg gjekk då ned til huset åt krusmakaren, og sjå, han gjorde arbeidet sitt på svarveskiva.
- 4 Vart det då ubrukande, kjeraldet som krusmakaren heldt på å gjera, so som det kann verta med leiret i handi på krusmakaren, so gjorde han det um att til eit anna kjerald, soleis som krusmakeren tykte det høvelegt.
- 5 Då kom Herrens ord til meg; han sagde:
- 6 Skulde eg ikkje kunna gjera med dykk, Israels hus, likeins som denne krusmakaren? segjer Herren. Sjå, likeins som leiret er i krusmakar-handi, so er de i mi hand, Israels hus.
- 7 Stundom talar eg um eit folk og um eit rike, at eg vil ryskja upp og riva ned og leggja i øyde;
- 8 men um det folket som eg tala um, vender um frå sin vondskap, då angrar eg det vonde som eg hadde tenkt å gjera det.
- 9 Men stundom talar eg um eit folk og um eit rike, at eg vil byggja og planta.
- 10 So gjer dei kann henda det som vondt er i mine augo, og høyrer ikkje på mi røyst: då angrar eg det gode som eg hadde sagt eg vilde gjera vel imot deim med.
- 11 Seg no då dette til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne: So segjer Herren: Sjå, eg emnar på ei ulukka åt dykk og tenkjer ut meinråder mot dykk. Vend då um, kvar og ein frå sin vonde veg, og retta på vegarne dykkar og verki dykkar!
- 12 Men dei segjer: «Fåfengt! for me vil fylgja våre eigne tankar, og kvar og ein vil gjera etter sitt harde vonde hjarta.»
- 13 Difor, so segjer Herren: Spør millom heidningfolki um nokon hev høyrt slikt. Ovleg grysjelege ting hev møyi Israel gjort.
- 14 Bråner då Libanon-snøen brånar burt frå Markartinden, eller minkar den vellande uppkoma burt, den svale, rennande?
- 15 Men mitt folk hev gløymt meg, dei brenner røykjelse åt fåfengdi; og dei fekk deim til å snåva på vegarne sine, dei gamle vegarne, so dei gjekk på stigar, på ujamne vegar,
- 16 so dei gjer landet sitt til ei skræma, ei æveleg spott; alle som fer der framum, vert forstøkte og rister hovudet.
- 17 Likeins som austanvinden vil eg spreida deim for fienden. Ryggen og ikkje andlitet skal eg syna deim på deira ulukke-dag.
- 18 Då sagde dei: «Kom og lat oss leggja upp råder mot Jeremia! for det tryt ikkje på lov for presten, eller på råd for den vise, eller på ord for profeten. Kom, lat oss fella honom med våre tungor og ikkje bry oss det minste um det han segjer!»
- 19 Gjev gaum etter meg, Herre, og høyr på kor dei trættar med meg!
- 20 Skal ein løna godt med vondt? For dei hev grave ei grav for mitt liv. Kom i hug at eg stod for di åsyn og tala godt for deim, til å venda harmen din burt ifrå deim!
- 21 Difor, gjev borni deira til svolten og lat sverdet få handsama deim, og gjer konorne deira barnlause og til enkjor, og lat mennerne deira verta drepne av sotti, og ungmenni deira slegne med sverd i striden!
- 22 Lat naudrop høyrast or husi deira når du let mordflokkar brått koma yver deim! For dei hev grave ei grav til å fanga meg i og lurt upp snaror for føterne mine.
- 23 Men du, Herre, kjenner alle deira råder imot meg til å drepa meg; gjev deim ikkje til deira misgjerning, og lat ikkje deira synd verta utstroki for di åsyn! Lat deim stupa for di åsyn; i di vreide-tid gjere du upp med deim!
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.