-
WORD Research this...Jeremiah 31
- 1 I den tidi, segjer Herren, skal eg vera Gud for alle ættgreinerne i Israel, og dei skal vera mitt folk.
- 2 So segjer Herren: Det folket som slapp undan sverdet, hev funne nåde i øydemarki; eg vil av og få honom, Israel, til å roa seg.
- 3 Langt burtanfrå hev Herren openberra seg for meg: Ja, med æveleg kjærleik hev eg elska deg, difor hev eg late mi miskunn mot deg halda ved.
- 4 Enn skal eg byggja deg, so du vert uppatt-bygd, du møy Israel; enn skal du pryda deg med handtrummorne og ganga ut i dansen med dei leikande.
- 5 Enn skal du planta vinhagar på Samaria-heidarne; dei som plantar, skal hausta og.
- 6 For det kjem ein dag då vaktmenner skal ropa på Efraimsfjellet: «Statt upp, og lat oss draga upp til Sion, til Herren, vår Gud.»
- 7 For so segjer Herren: Fagna dykk yver Jakob med gleda og set i med fagnadrop yver den fremste av folki! Gjer kunnigt, prisa og seg: «Herre, frels ditt folk, leivningen av Israel!»
- 8 Sjå, eg let deim koma frå Norderlandet og samlar deim frå utkantarne av jordi. Ibland deim er blinde og halte, fremmelege kvende og fødande i lag; i ein stor flokk skal dei koma hit tilbake.
- 9 Gråtande skal dei koma og audmjukleg bedande; eg vil fylgja dei; eg vil leida deim til vatsbekkjer på ein jamn veg, der dei ikkje skal snåva. For eg er vorten far åt Israel, og Efraim er min fyrstefødde son.
- 10 Høyr Herrens ord, de folk, gjer det kunnigt på øyarne langt burte og seg: Han som spreidde Israel, vil samla det og gjæta det likeins som ein hyrding hjordi si.
- 11 For Herren hev fria Jakob ut og løyst honom ut or henderne på den som var sterkare enn han.
- 12 Og dei skal koma og fagna seg på Sionshøgdi, og dei skal strøyma til dei gode ting frå Herren, til korn og til druvesaft og til olje, til unge sauer og naut. Og sjæli deira skal vera lik ein vatsrik hage, og dei skal ikkje ormegtast lenger.
- 13 Då skal møyar fegnast i dans, og gutar og gamlingar saman. Og eg skal venda sorgi deira til gleda og hugga deim og gleda deim etter deira sut.
- 14 Og eg skal kvika prestarne med feite retter, og lyden min skal mettast med mine gode ting, segjer Herren.
- 15 So segjer Herren: Ei røyst er høyrd i Rama, ynk, sår gråt; Rakel græt for borni sine. Ho vil ikkje lata seg trøysta for borni sine, for dei er ikkje lenger til.
- 16 So segjer Herren: Haldt røysti di frå gråt og augo dine frå tåror! For verket ditt skal få si løn, segjer Herren, og dei skal snu heim att frå fiendeland.
- 17 Ja, det er von um di framtid, segjer Herren, og borni skal snu heim att innum sine landskil.
- 18 Eg hev greinleg høyrt kor Efraim barmar seg: «Du hev aga meg, ja, eg er aga som ein utamd kalv. Vend du meg um, so vil eg venda um, for du er Herren, min Gud.
- 19 For sidan eg vende meg burt, angrar eg, og sidan eg vitrast, slær eg meg på lendi. Eg blygjest, ja, eg skjemmest, for eg lyt bera skammi frå ungdomstidi mi.»
- 20 Er då Efraim meg so kjær ein son eller slikt eit eigna-barn, sidan eg stødt må minnast honom, endå eg ofte hev truga honom? Difor bankar hjarta mitt for hans skuld, eg lyt miskunna honom, segjer Herren.
- 21 Reis deg vardar, set deg vegvisarar, gjev gaum etter kongsvegen, vegen du gjekk! Snu heim att, du møy Israel, snu heim att til desse byarne dine!
- 22 Kor lenge vil du reika der att og fram, du fråfalne dotter? For Herren skaper nytt i landet: Kvinna vernar mannen.
- 23 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Enn skal dei segja dette ordet i Judalandet og byarne der, når eg gjer ende på utlægdi deira: «Herren signe deg, du rettferds bustad, du heilage fjell!»
- 24 Og Juda med alle sine byar skal bu der i lag; bønder og kringfarande hyrdingfolk.
- 25 For eg vil kveikja den utmødde sjæl, og alle ormegta sjæler vil eg metta.
- 26 Ved dette vakna eg og såg meg um, og svevnen min hadde vore blid.
- 27 Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil så Israelslandet og Judalandet med sæde av menneskje og sæde av dyr.
- 28 Og likeins som eg vakte yver deim til å ryskja upp og riva ned og brjota ned og øyda og plåga deim, soleis vil eg og vaka yver deim til å byggja og planta, segjer Herren.
- 29 I dei dagarne skal dei ikkje lenger segja: «Federne åt sure druvor, og borni vart sårtente.»
- 30 Men kvar og ein skal døy for si eigi misgjerd; kvar den mann som et sure druvor, skal sjølv verta sårtent.
- 31 Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og med Judas hus,
- 32 ikkje slik ei pakt som den eg gjorde med federne deira den dagen eg tok deim i handi og leidde deim ut or Egyptarlandet, den pakti med meg som dei braut, endå eg var deira rette herre, segjer Herren.
- 33 Men dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagarne, segjer Herren: Eg vil leggja lovi mi inni deim, og skriva henne i hjarta deira, og eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
- 34 Då skal dei ikkje lenger læra kvar sin granne og kvar sin bror, og segja: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store, segjer Herren; for eg skal forlata deira misgjerning og ikkje lenger minnast deira synd.
- 35 So segjer Herren som sette soli til å lysa um dagen, månen og stjernorne til å lysa um natti, etter ei fast lov, han som reiser upp havet so bårorne bruser - Herren, allhers drott, er namnet hans:
- 36 Dersom desse loverne vik for mi åsyn, segjer Herren, då skal og Israels ætt halda upp med å vera eit folk framfor mi åsyn alle dagar.
- 37 So segjer Herren: Dersom himlarne let seg mæla der uppe og grunnvollarne åt jordi let seg ransaka der nede, då skal eg og støyta frå meg all Israels ætt for alt det dei hev gjort, segjer Herren.
- 38 Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då byen skal verta bygd åt Herren frå Hananeltårnet alt til Hyrneporten,
- 39 og mælesnori skal ganga derifrå beint på yver Garebhaugen, og so bøygja til Goa.
- 40 Og heile Daudskrott- og Oskedalen og alle markerne burtåt Kidronsbekken alt aust til Hesteport-hyrna, skal vera helga åt Herren. Nokor øyding eller nedrivning skal det ikkje meir vera der i all æva.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.