-
WORD Research this...Jeremiah 44
- 1 Det ordet som kom til Jeremia åt alle dei jødarne som budde i Egyptarlandet, dei som budde i Migdol og i Tahpanhes og i Nof og i Patroslandet; han sagde:
- 2 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: De hev set all den ulukka som eg hev late koma yver Jerusalem og yver alle Juda-byarne - og sjå, no er dei øydestader, og ingen bur i deim -
- 3 for vondskapen deira so dei for med til å harma meg med, med di dei gjekk og brende røykjelse og tente andre gudar som dei ikkje kjende, korkje dei eller de eller federne dykkar.
- 4 Og eg sende til dykk alle tenarane mine, profetarne, både jamt og samt, og sagde: Gjer då ikkje desse skræmelege ting som eg hatar!
- 5 Men dei høyrde ikkje og lagde ikkje øyra til, so dei snudde frå sin vondskap og heldt upp med å brenna røykjelse åt andre gudar.
- 6 Då vart min harm og min vreide utrend, og han brann i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne, so dei vart til ei audn, til ei øyda, so som dei er enn i dag.
- 7 Og no, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Kvi gjer de so stort eit tjon på dykk sjølve, so mann og kvinna, barn og brjostbarn vert utrudde for dykk midt ut or Juda, so de ikkje vert att ein leivning av dykk -
- 8 og harmar meg med dei verk dykkar hender gjer, med di de brenner røykjelse åt andre gudar i Egyptarlandet som de er komne til og vil bu i - so dei skal verta utrudde for dykk, og de verta til ei våbøn og ei hæding hjå alle folk på jordi?
- 9 Hev de gløymt det vonde som federne dykkar gjorde, og det vonde Juda-kongarne gjorde, og det vonde kvendi deira gjorde, og det vonde de sjølve gjorde, og det vonde kvendi dykkar gjorde i Judalandet og på Jerusalems-gatorne?
- 10 Endå hev dei ikkje audmykt seg, og ikkje hev dei ottast og ikkje hev dei ferdast etter mi lov og etter mine bodord, som eg lagde fram for dykk og for federne dykkar.
- 11 Difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg snur andlitet mitt mot dykk til ulukka og eg vil rydja ut alt Juda.
- 12 Og eg vil taka deim som er leivde etter Juda, deim som heldt stemneleidi til Egyptarlandet og for dit og vilde bu der. Og dei skal alle setja til, i Egyptarlandet skal dei falla; for sverd, av svolt skal dei setja til, både små og store; for sverd og av svolt skal dei døy. Og dei skal verta til ein eid, til ei skræma og til ei våbøn og til ei hæding.
- 13 Og eg vil heimsøkja deim som bur i Egyptarlandet, likeins som eg heimsøkte Jerusalem, med sverd, med svolt og med sott.
- 14 Og av Juda-leivningen, av deim som er komne og vil bu der i Egyptarlandet, skal ingen sleppa undan og verta att so han kann snu heim att til Judalandet som dei stundar å koma attende til, so dei kann bu der. For ingen skal koma dit att so nær som nokre få undanslopne.
- 15 Då svara dei Jeremia, alle dei menner som visste at konorne deira brende røykjelse åt andre gudar, og alle kvinnorne som stod der i ein stor hop, og alt folket som budde i Egyptarlandet, i Patros, og sagde:
- 16 «Me vil ikkje lyda på deg i det som du hev tala til oss i Herrens namn,
- 17 men me vil gjera etter alt det som me hev lova med vår munn; å brenna røykjelse åt himmeldronningi og renna ut drykkoffer åt henne, so som me fyrr hev gjort, me og federne våre og kongarne våre og hovdingarne våre, i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne. Då hadde me nøgdi av brød, og det gjekk oss vel, og me såg ingi ulukka kom yver oss.
- 18 Men sidan me heldt upp med å brenna røykjelse åt himmeldronningi og renna ut drykkoffer åt henne, hev me vanta alt, og av sverd og svolt er me tynte.
- 19 Og når me brenner røykjelse åt himmeldronningi og renner ut drykkoffer åt henne, er det då mennerne våre uviljande at me hev laga henne kakor og dyrka henne og rent ut drykkoffer åt henne?»
- 20 Då sagde Jeremia med all lyden, med mennerne og med kvinnorne og med all lyden som svara honom, han sagde:
- 21 «Den offer-røykjingi som de hev gjort i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne, de og federne dykkar og kongarne dykkar og hovdingarne dykkar og landslyden - skulde Herren ikkje minnast henne og koma henne i hug?
- 22 Og Herren kunde ikkje lenger tola det for den vonde åtferdi dykkar, for alle dei styggjorne som de hev gjort. Og soleis vart landet dykkar til ei audn og ei øyda og til ei våbøn, folketomt so som det er enn i dag.
- 23 For di de brende røykjelse og synda mot Herren og ikkje lydde på Herrens røyst og ikkje ferdast i hans lov, i hans bodord og vitnemål, difor kom denne ulukka yver dykk, so som det er enn i dag.»
- 24 Og Jeremia sagde til alt folket og til alle kvinnorne: «Høyr Herrens ord, alle de Juda-menner som er i Egyptarlandet!
- 25 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: De og konorne dykkar tala det med munnen dykkar og fullførde det med henderne dykkar med di de sagde: «Me vil halda lovnaderne våre som me hev gjort: å brenna røykjelse åt himmeldronningi og renna ut drykkoffer åt henne.» So berre haldt lovnaderne dykkar, og fullfør lovnaderne dykkar!
- 26 Difor, høyr Herrens ord, alle de Juda-menner som bur i Egyptarlandet: Sjå, eg hev svore ved mitt store namn, segjer Herren: Sanneleg, ikkje ein einaste Juda-mann skal taka namnet mitt på tunga si i alt Egyptarlandet so han segjer: «So sant som Herren, Herren liver!»
- 27 Sjå, eg vil vaka yver deim til deira ulukka, og ikkje til deira lukka, og alle Juda-menner som er i Egyptarlandet, skal verta tynte av sverd og svolt til det er gjort ende på deim.
- 28 Men dei som kjem seg undan sverdet, skal snu heim att frå Egyptarlandet og til Judalandet, berre ein liten flokk. Og all Juda-leivningen, dei som er komne til Egyptarlandet og vil bu der, skal få vita kva ord som stend ved lag, mitt eller deira.
- 29 Og dette skal vera teiknet for dykk, segjer Herren, at eg vil heimsøkja dykk på denne staden, so de skal få vita at mine ord til dykk um ulukka stend ved lag:
- 30 So segjer Herren: Sjå, eg gjev Farao Hofra, egyptarkongen, i fiendehender og i henderne på deim som ligg honom etter livet, likeins som eg hev gjeve Sidkia, Juda-kongen, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, som var fienden hans og låg honom etter livet.»
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.