-
WORD Research this...Jeremiah 49
- 1 Um Ammons-sønerne. So segjer Herren: Eig Israel ingi søner, eller hev han ingen erving? Kvi hev Malkam ervt Gad og hans folk sett seg ned i byarne hans?
- 2 Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg let herrop høyrast til Rabba hjå Ammons-sønerne, og det skal verta til aude steinrøysar, og døtterne skal verta brende upp med eld, og då skal Israel erva sine ervingar, segjer Herren.
- 3 Øya deg, Hesbon! For Aj er i øyde lagt; ropa, de Rabba-døtter! Sveip dykk i sekk, barma dykk, og renn att og fram millom kvierne! for Malkam lyt fara i utlægd, prestarne hans og hovdingarne i lag med kvarandre.
- 4 Kvi gildar du deg av dalarne, av din grøderike dal, du fråfalne dotter, som lit på skattarne dine og segjer: «Kven kann nå meg?»
- 5 Sjå, eg let fælske nå deg, segjer Herren, Herren, allhers drott, frå alle stader rundt ikring deg. Og de skal verta drivne burt, kvar til sin kant, og ingen skal samla i hop deim som flyr.
- 6 Men sidan vil eg gjera ende på utlægdi åt Ammons-sønerne, segjer Herren.
- 7 Um Edom. So segjer Herren, allhers drott: Bid det ikkje visdom lenger i Teman? Tryt det på råder for dei vituge? Er visdomen deira spillt?
- 8 Fly, snu dykk, gøym dykk djupt nede, de som bur i Dedan! For Esaus ulukka let eg koma yver honom den tid eg heimsøkjer honom.
- 9 Um druvehentarar kjem yver deg, so leiver dei ikkje noko til attpåhenting. Um tjuvar kjem med natti, vil dei tyna til dei hev fengje sitt nøgje.
- 10 For eg vil sjølv draga hamen av Esau, eg legg gøymslorne hans i berrsyni, so han ikkje kann løyna seg. Avkjømet hans og brørne hans og grannarne hans vert tynte, og det er ute med honom.
- 11 Bry deg ikkje um dine faderlause! eg vil halda liv i deim, og enkjorne dine kann lita på meg.
- 12 For so segjer Herren: Sjå, dei som med rette ikkje skulde ha drukke or staupet, dei lyt drikka, og so skulde du sleppa urefst! Du skal ikkje sleppa urefst, men drikka skal du.
- 13 For eg hev svore ved meg sjølv, segjer Herren, at Bosra skal verta til ei fælska, til ei hæding, til ei audn og til ei våbøn, og alle byarne som høyrer til, skal æveleg liggja i røysar.
- 14 Ei tidend hev eg høyrt frå Herren, og ein bodberar er send millom folkeslagi: «Sanka dykk og far imot honom, bu dykk til bardage!»
- 15 For sjå, eg gjer deg liten millom folki, svivyrd millom menner.
- 16 Rædsla kome yver deg! Ditt hjartans ovmod hev dåra deg, du som bur i bergklypor, som klengjer deg fast til fjelltinden. Um du bygde reiret ditt so høgt som ørnen, so skulde eg støypa deg ned derifrå, segjer Herren.
- 17 Og Edom skal verta til ei skræma; alle som fer der framum, skal ræddast og spotta yver alle plågorne hans.
- 18 Liksom då Sodoma og Gomorra med grannebyar vart lagde i øyde, segjer Herren, so skal ingen mann bu der, og ikkje noko mannsbarn halda til der.
- 19 Sjå, det kjem ein upp stigande, som løva ut or tjukkskogen attmed Jordan, og inn på den sigrøne eng; for i ein augneblink vil eg jaga det burt derifrå, og den som er utvald, vil eg setja yver det. For kven er min like, og kven vil stemna meg? Og kven er den hyrdingen som stend seg for meg?
- 20 Difor, høyr den rådgjerdi Herren hev teke um Edom, og dei tankarne han hev tenkt um Teman-buarne: Sanneleg, dei skal dragsa deim burt, dei små lambi, sanneleg, hagelendet deira skal taka fæla av deim.
- 21 Av dynen av deira fall bivrar jordi, naudropet - omen av det høyrer ein radt til Raudehavet.
- 22 Sjå, ein lik ein ørn stig upp og flyg fram og breider ut vengjerne sine yver Bosra. Og hjarta til Edom-kjemporne vert den dagen som hjarta til kvinna i barnsnaud.
- 23 Um Damaskus. Hamat og Arpad er skjemde, for dei hev spurt ei låk tidend, dei er reint vitskræmde; i havet er uro, det kann ikkje vera stilt.
- 24 Damaskus er hugfalle, det snur seg og flyr, otte hev gripe det; angest og rider hev gripe det liksom kvinna med fødeflagor.
- 25 Kvi fekk han ikkje vera, byen den namnfræge, fagnad-byen min?
- 26 Difor skal hans sveinar falla på gatorne hans og alle hermennerne verta tynte den dagen, segjer Herren, allhers drott.
- 27 Og eg vil kveikja eld i Damaskus-murarne, og han skal øyda Benhadad-slotti.
- 28 Um Kedar og Hasor-riki, som Nebukadressar, Babel-kongen, vann. So segjer Herren: Statt upp, far mot Kedar og tyn Austheims-sønerne!
- 29 Tjeldi deira og sauerne deira skal dei taka, tjelddukarne deira og all bunaden deira og kamelarne deira skal dei føra burt med seg, og dei skal ropa til dei: «Rædsla rundt ikring!»
- 30 «Fly, røm undan mest de vinn, gøym dykk djupt nede, de Hasor-buar, segjer Herren; for Nebukadressar, Babel-kongen, hev teke ei rådgjerd mot dykk og tenkt ut løynråd imot dykk.
- 31 Statt upp, far upp imot eit fredleg folk som bur trygt, segjer Herren; portar og bommar vantar dei, for seg sjølve bur dei.
- 32 Og kamelarne deira skal verta til ran, og dei store bølingarne deira til herfang; og eg vil spreida deim for alle vindar, mennerne med rundklypt hår; og frå alle leider let eg ulukka koma yver deim, segjer Herren.
- 33 Og Hasor skal verta til sjakal-bøle, ei audn um alder og æva; ingen mann skal bu der, og inkje mannsbarn skal halda til der.»
- 34 Herrens ord som kom til profeten Jeremia um Elam i den fyrste tidi Sidkia, Juda-kongen, styrde; han sagde:
- 35 So segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg bryt sund for Elam hans boge, den likaste magti deira.
- 36 Og eg sender mot Elam fire vindar frå dei fire himmelætterne og spreider deim for alle desse vindarne. Og det skal ikkje finnast det folket som ikkje burtdrivne frå Elam skal koma til.
- 37 Og eg vil gjera Elam forfærd for uvenerne sine og for deim som ligg deim etter livet, og eg vil lata ulukka koma yver deim, min brennande harm, segjer Herren, og eg vil senda sverd etter deim, til eg fær gjort ende på deim.
- 38 Og eg vil setja kongsstolen min i Elam, og eg vil tyna der både konge og hovdingar, segjer Herren.
- 39 Men når tider er lidne, vil eg gjera ende på Elams utlægd, segjer Herren.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.