-
WORD Research this...Jeremiah 5
- 1 Gakk kringum i gatorne i Jerusalem, og sjå etter og få vita og leita på torgi um de finn einkvar, um det er nokon som gjer rett, som legg vinn på ærlegdom, so vil eg tilgjeva byen.
- 2 Og endå um dei segjer: «So sant som Herren liver,» so gjer dei rang eid like vel.
- 3 Herre, ser ikkje augo dine etter ærlegdom? Du slo deim, men dei anka seg ikkje, du tynte deim, men dei let seg ikkje aga. Dei gjorde andlitet hardare enn stein, dei vilde ikkje venda um.
- 4 Då sagde eg: «Dette er berre småfolk; dei er fåvituge, for dei veit ikkje Herrens veg, sin Guds rett.
- 5 No vil eg ganga til storfolket og tala med deim, for dei veit Herrens veg, sin Guds rett.» Men nettupp dei, alle saman, hev brote sund oket, slite av seg bandi.
- 6 Difor skal løva frå skogen slå deim, vargen frå villmarkerne tyna deim. Panteren ligg og gjæter attmed byarne deira; kvar den som gjeng ut or deim, vert sundriven. For mange er deira forbrot, mangfaldige deira fråfall.
- 7 Kvi skulde då eg gjeva deg til? Borni dine hev vendt seg frå meg og svore ved slikt som ikkje er gud. Og eg metta deim, men dei dreiv hor og flokka seg i skjøkjehuset.
- 8 Som velfødde hestar er dei tidleg ute; kvar ein kneggjar dei åt grannekona si.
- 9 Skulde eg ikkje heimsøkja slikt, segjer Herren, eller skulde mi sjæl ikkje harma seg på eit sovore folk?
- 10 Stig upp på hennar murar og øydelegg, men gjer ikkje reint audt. Riv av hennar vinrankor, dei høyrer ikkje Herren til.
- 11 For dei hev ille svike meg, både Israels hus og Judas hus, segjer Herren.
- 12 Dei hev neitta Herren og sagt: «Det er ikkje han, og nokor ulukka skal ikkje koma yver oss, og sverd og svolt skal me ikkje sjå.
- 13 Og profetarne skal verta til vind, for det er ingen som talar i deim. Soleis skal det ganga med deim sjølve.»
- 14 Difor, so segjer Herren, allhers drott: Sidan de talar slike ord, sjå, so gjera eg mine ord i din munn til ein eld og dette folket til ved, og han skal øyda deim.
- 15 Sjå, eg let eit folk frå eit land langt burte koma yver dykk, Israels hus, segjer Herren, eit sterkt folk er det, eit eldegamalt folk er det, eit folk med eit mål du ikkje kjenner, og ikkje skynar du kva dei segjer.
- 16 Deira pilehus er som ei opi grav, alle saman er dei kjempor.
- 17 Og dei skal eta upp din avle og ditt brød, dei skal tyna dine søner og dine døtter, dei skal eta upp dine sauer og dine naut, dei skal øydeleggja dine vintre og fiketre, dine faste byar, som du lit på, skal dei brjota ned med sverd.
- 18 Men jamvel i dei dagarne, segjer Herren, vil eg ikkje heiltupp øyda dykk ut.
- 19 Og når de då segjer: «Kvi hev Herren, vår Gud, gjort alt dette imot oss?» då skal du segja med deim: «Likeins som de sveik meg og tente framande gudar i dykkar land, so skal de tena framande i eit land som ikkje er dykkar land!»
- 20 Kunngjer dette i Jakobs hus og lat deim få høyra det i Juda og seg:
- 21 Høyr dette, du fåvise og vitlause lyd, som hev augo, men ikkje ser, som hev øyro, men ikkje høyrer.
- 22 Vil de ikkje ottast meg, segjer Herren, eller skjelva for mi åsyn? eg som sette fjøresanden til demma for havet, til eit ævelegt stengje som det ikkje kann fløda yver, som bårorne kjem dynjande imot, men ikkje vinn på, og marmar imot, men ikkje kann fløda yver.
- 23 Men denne lyden hev eit stridigt og tråssugt hjarta, dei hev vike undan og er burtgjengne.
- 24 Og dei hev ikkje sagt i sitt hjarta: «Lat oss ottast Herren, vår Gud, som gjev regn, både haustregn og vårregn, i rett tid, som tek vare på dei visse haustonne-vikorne for oss!»
- 25 Dykkar misgjerningar hev avlaga alt dette, og dykkar synder hev halde det gode burte frå dykk.
- 26 For det finst ugudlege i lyden min, dei legg seg på lur liksom fuglefangarar huker, dei set ut gildra, menneskje veider dei.
- 27 Nett som eit bur fullt av fuglar, so er husi deira fulle av svik; difor er dei store og rike vortne.
- 28 Dei er feite vortne so det skin av deim; dei er breiddfulle med vondt; dei dømer ikkje i nokor sak, hjelpar ikkje den farlause til sin rett, og i fatigmanns sak dømer dei ikkje.
- 29 Skulde eg ikkje heimsøkja for slikt, segjer Herren, eller skulde mi sjæl ikkje hemna seg på eit sovore folk?
- 30 Grysjelege og gruelege ting gjeng fyre seg i landet.
- 31 Profetarne spår lygn, og prestarne er strenge herrar etter deira råd, og lyden min likar det. Men kva vil de gjera når enden på dette kjem?
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.