-
WORD Research this...Joshua 10
- 1 Då Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, fekk spurt at Josva hadde teke Aj og bannstøytt byen, og gjort like eins med Aj og kongen der som med Jeriko og den kongen, og at Gibeon-buarne hadde gjort fred med israelitarne og var i hop med deim,
- 2 då vart han og mennerne hans livande rædde; for Gibeon var ein stor by, som ein kongestad, og større enn Aj, og alle mennerne der var gode herfolk.
- 3 So sende Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, bod til Hoham, kongen i Hebron, og til Piream, kongen i Jarmut, og til Jafia, kongen i Lakis, og til Debir, kongen i Eglon, og sagde:
- 4 «Kom upp til meg, og hjelp meg, so skal me taka på Gibeon-folket for di dei hev gjort fred med Josva og Israels-sønerne!»
- 5 Då kom dei i hop desse fem amoritarkongarne, kongen i Jerusalem og kongen i Hebron og kongen i Jarmut og kongen i Lakis og kongen i Eglon, og for imot Gibeon med kvar sin her; og dei lægra seg utanfor byen og vilde taka honom.
- 6 Men Gibeon-mennerne sende bod til Josva i Gilgal-lægret, og sagde til honom: «Slå ikkje handi av oss! Kom upp til oss so fort du kann, og berga oss og hjelp oss! For alle amoritarkongarne som bur i fjellbygderne, hev slege seg i hop imot oss.»
- 7 So tok Josva ut frå Gilgal med alt herfolket og alle kjemporne sine.
- 8 Og Herren sagde til honom: «Ver ikkje rædd deim! Eg gjev deim i dine hender. Ikkje ein av deim skal vera mann til å standa seg mot deg.»
- 9 Josva kom brått yver deim, etter han hadde vore på vegen frå Gilgal heile natti.
- 10 Og Herren sette ein støkk i deim, so dei rauk reint for Israel attmed Gibeon. So sette Josva etter deim på vegen som ber upp til Bet-Horon, og hogg deim ned for fot, alt til Azeka og Makkeda.
- 11 Som dei no rømde for israelitarne og rett no var komne burt i Bet-Horonkleivi, sende Herren store steinar nedyver deim frå himmelen, so dei stupte daude burtetter heile vegen til Azeka; det var fleire som sette til av haglsteinarne enn som Israels-sønerne felte med sverdet.
- 12 Den gongen ropa Josva til Herren, då Herren gav amoritarne i Israels vald, og han kvad for heile Israel: «Statt still, du sol, i Gibeon, dryg, måne, i Ajjalons dal!»
- 13 Og soli stana, og månen stod, med folket tukta fiendarne sine. So veit me det stend skrive i boki åt den rettvise. Soli vart standande midt på himmelen og drygde mest ein heil dag, fyrr ho gjekk ned.
- 14 Og aldri anten fyrr eller sidan hev det vore nokon dag som denne, då Herren lydde eit manneord. For Herren stridde for Israel.
- 15 So for Josva med heile Israel attende til Gilgal-lægret.
- 16 Dei fem kongarne rømde og løynde seg i helleren attmed Makkeda.
- 17 Men folk kom og sagde til Josva: «Dei hev funne dei fem kongarne; dei hadde løynt seg i Makkedahelleren.»
- 18 Då sagde Josva: «Velt store steinar attfor hellermunnen, og set nokre menner til å halda vakt der!
- 19 Men sjølve må de ikkje stana. Set etter fienden og hogg ned deim som er attarst i ferdi! Lat dei ikkje få koma inn i byarne sine! For Herren, dykkar Gud, hev gjeve dei i dykkar hender.»
- 20 Då no Josva og Israels-sønerne hadde slege fiendarne i søkk og kav og gjort reint ende på deim, so berre nokre få slapp undan og fekk berga seg inn i dei faste byarne,
- 21 so kom heile heren uskadd attende til Josva i lægret attmed Makkeda, og det fanst ingen som torde knysta mot nokon av Israels-sønerne.
- 22 Då sagde Josva: «Tak burt stengslet frå helleren, og før dei fem kongarne ut til meg!»
- 23 So vart gjort; dei førde dei fem kongarne ut til han or helleren, kongen i Jerusalem og kongen i Hebron og kongen i Jarmut og kongen i Lakis og kongen i Eglon.
- 24 Og då dei hadde ført desse kongarne ut til Josva, kalla han saman alle Israels menner og sagde til herhovdingarne som hadde fylgt honom i striden: «Stig fram, og set foten på nakken åt desse kongarne!» Då steig dei fram og sette foten på nakken deira.
- 25 Og Josva sagde til deim: «De skal ikkje ottast og ikkje fæla! Ver sterke og djerve! For soleis vil Herren gjera med alle fiendar de kjem i strid med.»
- 26 Då han hadde sagt det, hogg han til kongarne og drap deim, og hengde deim upp i kvart sitt tre, og der vart dei hangande til kvelds;
- 27 men solegladsbil let Josva folki sine taka deim ned frå trei og kasta deim inn i den helleren dei hadde løynt seg i, og det vart lagt store steinar attfor hellermunnen; dei steinarne ligg der den dag i dag.
- 28 Same dagen tok Josva Makkeda, og øydde byen med odd og egg, og bannstøytte både kongen og kvart mannsbarn som der fanst; han let ingen vera att eller sleppa undan, og for like eins åt med Makkeda-kongen som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
- 29 Frå Makkeda for Josva med heile Israels-heren til Libna. Han tok på Libna,
- 30 og Herren gav den byen og i Israels hender, og like eins kongen deira. Josva øydde byen med odd og egg, og tynte kvart liv som fanst der; han let ingen vera att eller sleppa undan, og med kongen for han åt som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
- 31 Frå Libna for Josva med heile Israels-heren til Lakis. Han slo læger utanfor byen og søkte på honom.
- 32 Og Herren gav Lakis i Israels hender. Andre dagen tok dei byen og øydde honom med odd og egg, og tynte kvart liv som fanst der, heiltupp soleis som dei hadde gjort med Libna.
- 33 Då kom Horam, kongen i Geser, og vilde hjelpa Lakis-buarne. Men Josva hogg ned både honom og mennerne hans, so ingen vart att eller slapp undan.
- 34 So for Josva med heile Israels-heren frå Lakis til Eglon. Dei slo læger utanfor byen og søkte på honom;
- 35 og tok honom same dagen, og øydde honom med odd og egg. Den dagen bannstøytte Josva kvart liv som fanst i Eglon, heiltupp soleis som han hadde gjort med Lakis.
- 36 Frå Eglon for Josva med heile Israels-heren upp til Hebron. Dei søkte på byen,
- 37 og tok honom, og øydde med odd og egg både byen og bygderne ikring, og tynte kongen og kvart liv som fanst der, so ingen vart att eller slapp undan. Josva for i alle måtar like eins åt som han hadde gjort med Eglon, og bannstøytte byen med kvart liv som der var.
- 38 Sidan vende Josva seg mot Debir med heile Israels-heren. Han søkte på byen,
- 39 og tok både den og kongen som budde der, og alle bygderne ikring. Dei øydde alt med odd og egg og bannstøytte kvart liv som fanst der, so ingen vart att eller slapp undan. Josva for like eins åt med Debir og kongen der som han hadde gjort med Hebron og Libna og kongarne deira.
- 40 Soleis tok Josva heile landet, både fjellbygderne og Sudlandet og låglandet og liderne, og slo i hel alle kongarne som budde der; han let ingen vera att eller sleppa undan, men bannstøytte kvart livande liv, so som Herren, Israels Gud, hadde sagt honom fyre.
- 41 Alt som fanst millom Kades-Barnea og Gaza, og heile Gosenlandet alt til Gibeon, slo han under seg.
- 42 Og alle desse kongarne og riki deira vann han yver med ein gong; for Herren, Israels Gud, stridde for Israel.
- 43 Sidan for Josva med heile Israel attende til Gilgal-lægret.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.