-
WORD Research this...Leviticus 4
- 1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
- 2 «Tala til Israels-folket og seg: «Når nokon uviljande syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han hev forbode å gjera, so høyr:
- 3 Er det den salva presten som syndar og fører skuld yver folket, so skal han til bot for den syndi han hev gjort koma til Herren med ein ung ukse som ikkje hev lyte; det skal vera syndofferet hans.
- 4 Han skal leida uksen fram for Herrens åsyn, til døri åt møtetjeldet, og han skal leggja handi på hovudet åt uksen, og han skal slagta uksen for Herrens åsyn.
- 5 So skal han, den salva presten, taka noko av ukseblodet og bera det inn i møtetjeldet.
- 6 Og han, presten, skal duppa fingeren i blodet, og han skal skvetta av blodet sju gonger for Herrens åsyn, framanfor det heilage forhenget.
- 7 Noko av blodet skal han strjuka på horni åt altaret med den angande røykjelsen, det som stend framfor Herrens åsyn i møtetjeldet, og det som er att av ukseblodet, skal han hella ut tett innmed foten på brennofferaltaret, som stend framanfor døri til møtetjeldet.
- 8 Alt feittet som er på syndofferuksen, skal han taka utor honom, både netja og alt feittet som er på innvolen
- 9 og båe nyro med talgi som er på deim og rekk burtåt låri, og den store livreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
- 10 alt dette skal han taka ut, like eins som på takkofferuksen, og so skal han brenna det på brennofferaltaret, so røyken stig upp mot himmelen.
- 11 Men hudi av uksen og alt kjøtet, med hovudet og føterne og innvolen og myki,
- 12 heile uksen, skal han føra ut or lægret, til ein rein stad, der dei slær ut oska, og brenna det upp med ved; der som oska vert slegi ut, der skal dei brenna det.
- 13 Hev heile Israels-lyden misfare seg, hev folket seg uvitande gjort noko av det som Herren hev forbode å gjera, og ført skuld yver seg,
- 14 og det sidan vert kunnigt kva dei hev synda i, so skal folket koma med ein ung ukse til syndoffer. Den skal dei leida fram åt møtetjeldet,
- 15 og dei eldste av lyden skal leggja henderne på hovudet åt uksen for Herrens åsyn, og so skal uksen slagtast for Herrens åsyn.
- 16 Den salva presten skal bera noko av ukseblodet inn i møtetjeldet,
- 17 og han, presten, skal duppa fingeren i blodet, og skvetta sju gonger for Herrens åsyn, framanfor forhenget.
- 18 Noko av blodet skal han strjuka på horni åt det altaret som stend framfor Herrens åsyn i møtetjeldet, og det som er att av blodet, skal han hella ut tett innmed foten på brennofferaltaret, som stend framanfor døri til møtetjeldet.
- 19 Alt feittet skal han taka utor uksen, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen.
- 20 Som han gjorde med hin syndofferuksen, so skal han gjera med denne og. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for deim, skal dei få tilgjeving.
- 21 Sidan skal dei føra uksen utanfor lægret, og brenna honom, liksom dei brende den fyrste uksen. Dette er syndofferet for folket.
- 22 Når ein hovding misfer seg og uviljande gjer noko av det som Herren, hans Gud, hev forbode å gjera, og soleis fører skuld yver seg,
- 23 og det vert kunnigt for honom kva han hev synda i, so skal han koma med ei offergåva, og det skal vera ein geitebukk, ein som ikkje hev lyte.
- 24 Han skal leggja handi på hovudet åt bukken, og slagta honom på same staden som dei slagtar brennofferet for Herrens åsyn; då er det eit syndoffer.
- 25 Presten skal taka noko av offerblodet på fingeren, og strjuka det på horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut tett innmed foten på brennofferaltaret.
- 26 Og alt feittet skal han brenna på altaret liksom han gjorde med feittet av takkofferet. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for honom og gjort honom rein for syndi, skal han få tilgjeving.
- 27 Er det ein ålmugemann som uviljande syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han ikkje skulde gjera, so han fører skuld yver seg,
- 28 og det vert kunnigt for honom kva han hev synda i, so skal han til bot for den syndi han hev gjort, koma med ei offergåva, og det skal vera ei geit, ei som ikkje hev lyte.
- 29 Han skal leggja handi på hovudet åt syndofferdyret, og han skal slagta syndofferdyret på brennofferstaden.
- 30 Og presten skal taka noko av blodet på fingeren, og strjuka det på horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut tett innmed altarfoten.
- 31 Alt feittet skal han taka utor, liksom dei tek ut feittet på takkofferet, og presten skal leggja det på altaret og brenna det til godange for Herren. Når presten soleis hev gjort soning for honom, skal han få tilgjeving.
- 32 Vil han heller taka ein sau til syndoffer, so skal han koma med ei søya som ikkje hev lyte.
- 33 Han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret, og so skal han slagta det til syndoffer på same staden som dei slagtar brennofferet.
- 34 Og presten skal taka noko av syndofferblodet på fingeren, og strjuka det på horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut tett innmed altarfoten.
- 35 Alt feittet skal han taka utor, liksom dei gjer med takkoffersauen, og presten skal brenna det på altaret saman med offerretterne åt Herren. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for den syndi han hev gjort, skal han få tilgjeving.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.