-
WORD Research this...Luke 10
- 1 Sidan tok Herren ut endå sytti læresveinar og sende deim fyre seg, tvo og tvo til kvar by og bygd som han sjølv skulde til.
- 2 Og han sagde til deim: «Grøda er stor, men onnefolki er få. Bed då honom som eig grøda at han vil senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si!
- 3 Far no i veg! Eg sender dykk liksom lamb inn i ulveflokken!
- 4 Ber ikkje med dykk pung eller skreppa eller skor, og gjev dykk ikkje i svall med nokon på vegen!
- 5 Kvar gong de kjem inn i eit hus, so seg fyrst: «Fred vere med dette huset!»
- 6 Og dersom det er nokon der som er verd fred, so skal freden dykkar bia hjå honom: dersom ikkje, so skal han venda att til dykk sjølve.
- 7 Gjev dykk til der i huset, og et og drikk det dei byd dykk! For ein arbeidsmann er verd løni si. Flytt ikkje frå hus til hus!
- 8 Kvar gong de kjem til ein by, og dei tek imot dykk, so et det dei set fram!
- 9 Læk dei sjuke der er, og seg til deim: «Guds rike er kome nær dykk!»
- 10 Men når de kjem til ein by der dei ikkje vil taka imot dykk, so gakk ut på gatorne og seg:
- 11 «Jamvel dusti som vart hangande ved føterne våre i byen dykkar, stryk me av oss; her hev de henne att! Men det skal de vita, at Guds rike er kome nær!»
- 12 Eg segjer dykk: På den siste dag skal det ganga Sodoma likare enn den byen.
- 13 Ve yver deg, Korasin! Ve yver deg, Betsaida! Hadde dei underi som er gjorde i dykk vore gjorde i Tyrus og Sidon, so hadde dei longe vendt um og sete i sekk og oska.
- 14 Men det skal ganga Tyrus og Sidon likare i domen enn dykk.
- 15 Og du, Kapernaum - skal du kann henda lyftast upp til himmelen? nei, til helheimen skal du støytast ned.
- 16 Den som høyrer på dykk, høyrer på meg, og den som vandar dykk, vandar meg; men den som vandar meg, vandar den som sende meg.»
- 17 Dei sytti kom glade attende og sagde: «Herre, jamvel dei vonde ånderne lyder oss når me nemner ditt namn.»
- 18 Då sagde han til deim: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit ljon.
- 19 Kom i hug: Eg hev gjeve dykk magt til å trøda på ormar og skorpionar og yver alt fiendens velde; og ingen ting skal gjera dykk den minste skade.
- 20 Men gled dykk ikkje yver det at ånderne lyder dykk, gled dykk heller for di namni dykkar er uppskrivne i himmelen!»
- 21 I same stundi sagde han, sæl i den Heilage Ande: «Eg lovar deg, Fader, du som råder yver himmel og jord, for di du hev dult dette for dei lærde og kloke, og openberra det åt dei ulærde og barnslege! Ja, Fader; for soleis tykte du det best.
- 22 Alt hev far min gjeve i mine hender; og ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og kven Faderen er, utan Sonen og dei som Sonen vil openberra det åt.»
- 23 So vende han seg til læresveinarne sine i ser og sagde: «Sæle dei augo som ser det de ser!
- 24 For eg segjer dykk at mange profetar og kongar var huga til å sjå det de ser, og fekk ikkje sjå det, og høyra det de høyrer, og fekk ikkje høyra det.»
- 25 Då gjekk det fram ein som var kunnig i lovi; han vilde freista Jesus og sagde: «Meister, kva skal eg gjera for å vinna eit æveleg liv?»
- 26 «Kva stend det i lovi?» sagde Jesus; «korleis les du?»
- 27 «Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og med all din hug og med all di magt og med alt ditt vit, og elska grannen din som deg sjølv!» svara han.
- 28 Då sagde Jesus til honom: «Du svara rett. Gjer det, so skal du liva!»
- 29 Men han vilde orsaka seg og sagde til Jesus: «Kven er då grannen min?»
- 30 Jesus tok upp spursmålet og sagde: «Det var ein mann som for frå Jerusalem ned til Jeriko, og fall i henderne på røvarar. Dei klædde honom naken og skamslo honom; so gjekk dei sin veg og let honom liggja der halvdaud.
- 31 Det høvde so til at ein prest for same vegen; han såg mannen, men for radt framum.
- 32 Like eins ein levit; han kom til same staden og såg honom, men for radt framum.
- 33 Ein samaritan som var ute og ferdast, kom og dit han låg, og såg honom og tykte synd um honom.
- 34 Han gjekk burt til honom og fetla såri hans, og helte olje og vin på, lyfte honom so upp på sitt eige asen og førde honom til eit herbyrge, og sytte vel for honom.
- 35 Andre morgonen tok han fram tvo mark og gav til gjestgjevaren og sagde: «Syt vel for honom, og det meir du legg ut, skal du få att av meg når eg kjem attende.»
- 36 Kven av desse tri tykkjer no du for åt som ein granne mot honom som fall i henderne på røvarane!»
- 37 «Den som gjorde sælebot på honom,» svara den lovkunnige. Då sagde Jesus til honom: «Gakk du av og gjer like eins!»
- 38 Med dei var på ferdavegen, kom han til ein liten by; der var det ei kvinna som tok imot honom i huset sitt; namnet hennar var Marta.
- 39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og ho sette seg nedmed Herrens føter og lydde på ordi hans.
- 40 Marta hadde det so annsamt med å stella til mykje for honom, at ho ikkje hadde tankar for anna. Ho gjekk fram og sagde: «Herre, bryr du deg ikkje um at syster mi let meg vera åleine um å stella for deg? Seg då med henne at ho skal hjelpa meg!»
- 41 Då svara Herren: «Marta, Marta, du gjer deg hugsott og uro med mange ting;
- 42 men det er eitt som trengst! Maria hev valt seg den gode luten, og den skal ikkje takast ifrå henne.»
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.