-
WORD Research this...Luke 19
- 1 So kom han til Jeriko, og for fram igjenom byen.
- 2 Der var det ein mann som heitte Sakkæus; han var ein høg tollmann og rik.
- 3 Han hadde slik hug til å sjå Jesus, kven han var, men kunde ikkje koma til for folkemengdi; for han var liten på vokster.
- 4 So sprang han i fyrevegen og kleiv upp i eit sykomortre, so han kunde få sjå honom; for der laut han koma framum.
- 5 Då Jesus kom dit, såg han upp og sagde til honom: «Sakkæus, skunda deg og kom ned! I dag lyt eg vera hjå deg.»
- 6 Då skunda han seg ned, og tok imot Jesus med gleda.
- 7 Alle som såg det, murra og sagde seg imillom: «Han gjeng inn til ein syndig mann og tek herbyrge der.»
- 8 Men Sakkæus steig fram og sagde til Herren: «Herre, helvti av alt det eg eig, gjev eg dei fatige, og hev eg truga pengar frå nokon, gjev eg det att firdubbelt.»
- 9 Og Jesus sagde um honom: «I dag hev det timst dette huset å få frelsa, etter di han og er Abrahams son;
- 10 for Menneskjesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det.»
- 11 Med dei lydde på det, heldt han ved og fortalde ei likning, av di han var so nær Jerusalem, og dei tenkte at Guds rike skulde koma til synes straks.
- 12 Han sagde: «Det var ein gong ein høgætta mann, som for langt burt til eit anna land og vilde få seg kongedøme og so venda heim att.
- 13 Då kalla han åt seg ti av tenarane sine og gav deim ti pund og sagde: «Driv no handel med dette med eg er burte!»
- 14 Men landsmennerne hans hata honom og skikka sendemenner av stad etter honom, som skulde segja: «Me vil ikkje at den mannen skal vera kongen vår!»
- 15 Då han no kom att og hadde fenge kongedømet, sagde han at dei tenarane han hadde gjeve pengarne til, skulde ropast inn til honom, so han kunde få vita kor mykje dei hadde tent.
- 16 Då gjekk den fyrste fram og sagde: «Herre, pundet ditt hev gjeve av seg ti pund.»
- 17 «Det var rett, du gode tenar!» svara herren; «for di du hev vore tru med det som lite var, skal du hava velde yver ti byar.»
- 18 So kom den andre og sagde: «Pundet ditt, herre, hev lagt inn fem pund.
- 19 Til honom sagde herren: «Du skal råda yver fem byar.»
- 20 So kom det ein annan og sagde: «Herre, sjå her er pundet ditt! Eg hev havt det liggjande i eit knyte;
- 21 for eg var rædd deg, av di du er ein streng mann: du tek inn det du ikkje lagde ut, og haustar det du ikkje sådde.»
- 22 Då sagde herren: «Etter dine eigne ord dømer eg deg, du låke tenar! Du visste at eg er ein streng mann, som tek inn det eg ikkje lagde ut, og haustar det eg ikkje sådde?
- 23 Kvi sette du då ikkje pengarne mine i banken? so hadde eg fenge deim att med rentor når eg kom heim!
- 24 Tak pundet frå honom!» sagde han til deim som stod innmed, og gjev det til den som hev ti pund!»
- 25 «Herre, han hev då ti pund!» sagde dei.
- 26 «Eg segjer dykk at kvar den som hev, skal få, og den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.
- 27 Men desse uvenerne mine, som ikkje vilde at eg skulde vera kongen deira, deim skal de føra hit og hogga deim ned for augo mine!»»
- 28 Då han hadde sagt det, gjekk han fyre på ferdi upp til Jerusalem.
- 29 Som han no kom burtimot Betfage og Betania, til det berget dei kallar Oljeberget, sende han tvo av læresveinarne i veg og sagde:
- 30 «Gakk burt i den grendi som ligg midt imot oss! Når de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det aldri hev sete menneskje på; den skal de løysa og leida hit.
- 31 Og dersom nokon spør dykk kvi de løyser honom, skal de svara so: «Herren treng um honom.»»
- 32 Dei som var sende, gjekk, og fann det so som han hadde sagt med deim.
- 33 Då dei so løyste folen, sagde dei som åtte honom: «Kvi løyser de folen?»
- 34 «Herren treng um honom,» svara dei.
- 35 So leidde dei folen fram til Jesus, og lagde kjolarne sine på honom, og let Jesus setja seg uppå;
- 36 og med han for frametter, breidde dei klædi sine under på vegen.
- 37 Som han no var tett burtmed der det ber ned frå Oljeberget, tok læresveinarne, heile flokken, glade som dei var, til å lova Gud med høg røyst for alle dei underi dei hadde set, og kvad:
- 38 «Velsigna vere kongen som kjem i Herrens namn! Fred i himmelen og æra i det høgste!»
- 39 Nokre farisæarar som var med i folkehopen, sagde til han: «Meister, tala til læresveinarne dine!»
- 40 Då svara han: «Eg segjer dykk: Dersom desse tegjer, so skal steinarne ropa.»
- 41 Då han kom næmare og såg byen, gret han yver honom og sagde:
- 42 «Hadde du berre visst, um ikkje fyrr enn i dag, kva som tener til di velferd! Men no er det dult for augo dine.
- 43 For det skal koma ei tid for deg då fiendarne kastar upp ein voll um deg og kringset deg og trengjer deg frå alle kantar,
- 44 og støyter deg ned i grunnen, og borni dine med deg, og ikkje let det liggja att stein på stein i deg, for di du ikkje skyna di gjestings tid.»
- 45 Då han kom inn i templet, tok han til å driva ut deim som handla der,
- 46 og sagde til deim: «Det stend skrive: «Mitt hus skal vera eit bønehus,» men de hev gjort det til eit røvarbol.»
- 47 Sidan lærde han dagstødt i templet. Øvsteprestarne og dei skriftlærde var trådde etter å få rudt honom or vegen, og so gjorde dei fyrste mennerne i folket,
- 48 men dei kunde ikkje finna ut korleis dei skulde bera seg åt med det; for heile folket hekk ved honom og lydde på honom.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.