-
WORD Research this...Numbers 11
- 1 Det var ein gong folket klaga seg for Herren, liksom dei leid vondt. Då Herren høyrde det, vart han harm, og elden hans slo ned millom deim, og herja i den eine enden av lægret.
- 2 Då ropa folket på Moses, og Moses bad til Herren for deim; so slokna elden av.
- 3 Sidan kalla dei den staden Tabera, av di Herrens eld slo ned millom deim.
- 4 Men herkemugen, som var med deim, fyste etter annan kost; då for Israels-folket og til å jamra seg att, og sagde: «Gud gjev me hadde kjøt å eta!
- 5 Me saknar fisken som me fekk kostelaust i Egyptarland, og agurkarne og melonorne og purren og kvitlauken og skarlauken;
- 6 her turkar me reint upp; me ser ikkje anna for augo enn manna.»
- 7 Manna var likt korianderfrø og på lit som bedolahkvåda.
- 8 Folket for utyver og sanka det, og mol det på handkvern eller støytte det sund i mortlar. Sidan saud dei det i gryta, og laga kakor av det; då smaka det som sukkerbrød med olje i.
- 9 Når dalskoddi seig ned yver lægri um natti, fylgde det manna med.
- 10 Då Moses høyrde gråt frå kvart einaste hus, og såg at Herren var fælande harm, tykte han det var ilt,
- 11 og sagde til Herren: «Kvi hev du fare so hardt med tenaren din? Kvi hev du so lite godhug for meg at du vil leggja på meg slik ei byrd som å syta for heile dette folket?
- 12 Hev då eg gjeve deim livet eller sett deim inn i verdi, sidan du segjer med meg at eg skal halda deim på armen, som barnfostren held eit sugebarn, og bera deim fram til det landet du hev lova federne deira?
- 13 Kvar skal eg taka kjøt frå til heile dette folket? For dei heng yver meg med gråt, og segjer: «Gjev oss kjøt, so me fær eta!»
- 14 Ikkje kann eg åleine syta for heile dette folket; det er meir enn eg orkar.
- 15 Vil du fara so med meg, so drep meg heller med ein gong, so sant du vil meg vel, og lat meg ikkje sjå mi eigi ulukka.»
- 16 Då sagde Herren til Moses: «Kalla meg i hop sytti av dei gildaste menner i Israel, deim som du veit er dei gjævaste millom folket og formenner for deim! Tak deim so med deg til møtetjeldet og lat deim standa der hjå deg,
- 17 so vil eg koma ned og tala med deg der, og eg vil lata deim og få av den åndi som er yver deg, so dei kann hjelpa deg og bera all den tyngsla du hev av folket, og du ikkje tarv bera henne åleine.
- 18 Og til folket skal du segja: «Helga dykk til i morgon, so skal de få kjøt å eta, etter di de jamra dykk for Herren og sagde: «Gud gjeve me hadde kjøt! Å kor godt me livde i Egyptarland!» No vil Herren gjeva dykk kjøt, som de skal eta av,
- 19 og det ikkje ein dag, eller tvo eller fem eller ti eller tjuge dagar,
- 20 men ein heil månad, til de byd dykk imot, so det lyt gjeva det upp att, for di de mismætte Herren som er midt imillom dykk, og jamra dykk for honom, og sagde: «Kvi for me då frå Egyptarland?»»»
- 21 «Seks hundrad tusund gangføre menner er det folket som eg fylgjest med,» svara Moses, «og du segjer at du vil gjeva deim kjøt so dei hev mat for ein heil månad!
- 22 Skal me slagta so mange sauer og naut at det rekk til for deim, eller skal all fisken i havet sankast i hop so dei fær nok?»
- 23 Då sagde Herren til Moses: «Rekk ikkje Herrens arm so langt som han vil? No skal du få sjå um det ikkje gjeng som eg hev sagt.»
- 24 So gjekk Moses ut, og kunngjorde Herrens ord for folket, og han kalla saman sytti av dei gjævaste mennerne i lyden, og bad deim standa rundt ikring møtetjeldet.
- 25 Og Herren for ned i skyi, og tala til Moses, og let dei sytti gjæve mennerne få av den åndi som var yver honom. Då hende det at med same åndi let seg ned yver deim, tala dei profetord, men sidan gjorde dei det ikkje.
- 26 Det var tvo menner som hadde vorte att i lægret; den eine heitte Eldad og den andre Medad. På deim let åndi seg og ned; for dei høyrde til deim som var uppskrivne, men dei hadde ikkje gjenge ut til møtetjeldet, og no tala dei profetord i lægret.
- 27 Og ein svein kom springande med bod til Moses og sagde: «Eldad og Medad talar profetord i lægret.»
- 28 Då tok Josva frami, han som hadde vore fylgjesveinen åt Moses alt ifrå ungdomen, og sagde: «Herre Moses, forbyd deim dette!»
- 29 «Er du åbru for mi skuld?» svara Moses. «Eg vilde at heile Herrens folk kunde tala profetord, og at Herren sende sin Ande yver deim!»
- 30 Då Moses vel var komen attende til lægret saman med Israels hovdingar,
- 31 so sende Herren ein vind som førde enghønor inn ifrå havet, og støytte deim ned yver lægret og markerne rundt ikring, so vidt som ei dagsleid i firkant. Dei flaug so lågt at dei ikkje var meir enn eit par alner frå marki,
- 32 og folket var ute heile den dagen og heile natti og heile den andre dagen og samla deim inn; ingen sanka mindre enn eit tjug tunnor, og dei breidde deim utyver rundt ikring lægret.
- 33 Medan dei endå åt av kjøtet - det var ikkje ende - loga Herrens vreide upp att, og han sende ein øgjeleg manndaude yver deim.
- 34 Difor kallar dei den staden Kibrot-Hatta’ava; for der vart dei jorda dei som hadde vore so fysne.
- 35 Frå Kibrot-Hatta’ava for folket til Haserot, og der vart dei verande ei tid.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.