-
WORD Research this...1 Samuel 2
- 1 Då bad Hanna og sagde: «Hjarta mitt frygdar seg i Herren, høgreist er hornet mitt i Herren. Med vidopen munn ropar eg mot fiendarne mine, for di eg fegnast for frelsa di.
- 2 Ingen er heilag som Herren, ingen er til utan du. Det bid inkje berg som vår Gud.
- 3 Slutta med kyt og kaute ord! Slepp ikkje agelause ord or munnen! For Herren er Gud som allting veit, og verki deim veg han vel.
- 4 Brosten vert bogen åt kjemporne, men dei ustøde fær styrkebelte på.
- 5 Dei som fyrr fekk sin mette, lyt leiga seg burt for mat, men dei som svalt, svelt ikkje meir. Barnlaus kona fær borni sju, barnerik mor folnar og fåst.
- 6 Herren er den som tek liv og gjev liv, han fører ned til Helheim og upp derifrå.
- 7 Herren er den som gjer arm og gjer rik. Han dreg ned, men lyfter ogso upp.
- 8 Han reiser den ringe or moldi, og lyfter den låge or søyla, og leider han til sætes millom hovdingar og gjev han eit æresæte. Grunnstolparne åt jordi høyrer Herren til, på deim han bygde manneheimen.
- 9 Han held vakt og hegnar vegen åt dei gudlege, men gudlaust folk forferst i myrkret; for aldri mannen vinn med eigi magt.
- 10 Deim som strider imot Herren, skræmer han, i himmelen yver deim dundrar han. Herren dømer jordi frå ende til annan, han aukar krafti hjå kongen sin. Han hevjar hornet høgt åt den han salvar.»
- 11 Elkana for heim att til Rama. Men guten gjorde tenesta for Herren hjå presten Eli.
- 12 Men sønerne åt Eli var uvyrdor; dei ansa ikkje Herren,
- 13 og ikkje heller kva prestarne med rette kunde krevja av folket. Kvar gong ein mann ofra slagtoffer, kom drengen åt presten medan kjøtet koka, og hadde ein tritinda gaffel i handi,
- 14 og stakk honom ned i gryta eller kjeraldet eller kjelen eller krukka; og alt som hekk fast på gaffelen, tok presten. Soleis for dei med alle israelitar som kom dit til Silo.
- 15 Ja endå fyrr enn feittet var brent, kom prestedrengen og sagde til mannen som ofra: «Hit med steikjekjøt til presten! han vil ikkje hava kokt kjøt hjå deg, berre rått.»
- 16 Um då mannen sagde: «Fyrst må eg brenna feittet; sidan kann du taka alt det du lyster!» svara han: «Nei, kom straks med det! Elles tek eg det med magt.»
- 17 Den ovstore syndi dei unge prestarne gjorde beint i augo på Herren; vart so mykje større av di dei lærde folket svivyrda offeret til Herren.
- 18 Samuel gjorde tenesta for Herrens åsyn. Alt medan han var smågut, var han klædd i ein messehakel av lin.
- 19 Dessutan laga mor hans ein liten kjole kvart år honom og hadde med seg, når ho kom med mannen sin og ofra det årvisse slagtofferet.
- 20 Då velsigna Eli Elkana og kona hans og sagde: «Herren gjeve deg fleire born med denne kona, i staden for honom som ho hev bede um i bøn til Herren!» So for dei heim att.
- 21 Og Herren kom i hug Hanna, og ho vart med barn og åtte tri søner og tvo døtter. Men guten Samuel voks upp hjå Herren.
- 22 Eli var svært gamall. Han høyrde gjete alt det sønerne hans gjorde mot heile Israel, og at dei låg med dei kvinnorne som gjorde tenesta ved inngangen til møtetjeldet.
- 23 Og han sagde då: «Kvifor fer de soleis åt? Eg høyrer heile folket talar um all den vonde framferdi dykkar.
- 24 Gjer ikkje so, sønerne mine! det hev ikkje noko godt lov, so som eg høyrer ordet gjeng um dykk frå mann til mann millom Herrens folk.
- 25 Når folk syndar mot einannan, so dømer Gud deim imillom. Men når nokon syndar mot Herren, kven skal då ganga imillom?» Men dei lydde ikkje på ordi åt far sin; for Herren hadde etla deim til å døy.
- 26 Men guten Samuel voks og mannast, og vann godhug både hjå Gud og menneskje.
- 27 Ein gudsmann kom då til Eli og sagde til honom: «So segjer Herren: «For farsætti di openberra eg meg den tid dei var i Egyptarland og træla for Faraos hus.
- 28 Eg valde henne millom alle Israels ætter til prestenesta mi, til å ofra på altaret mitt og brenna røykjelse og bera messehakel for mi åsyn. Og eg gav farsætti di offerretterne frå Israels-borni.
- 29 Kvifor trakkar de då på slagtofferi og grjonofferi mine som eg skipa til i min bustad? Kor kann du æra sønerne dine meir enn meg, so det godnar dykk med det beste av kvar offergåva som Israel, folket mitt, ber fram?»
- 30 Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud: «Vel hev eg sagt: Di ætt og farsætti di skal få gjera tenesta for mi åsyn alltid og æveleg.» Men no lyder Herrens ord: «Aldri i verdi! deim som ærar meg, deim vil eg æra; dei som vanvyrder meg, skal verta til skammar.
- 31 Sjå dei dagar kjem då eg høgg av din arm og armen åt farsætti di, so ingen vert gamall i ætti di.
- 32 Og du skal sjå Guds bustad i naud, endå so mykje godt Herren gjer mot Israel. Og ingen skal nokon sinne verta gamall i ætti di.
- 33 Berre ein einaste av di ætt vil eg ikkje rydja burt frå altaret mitt, so eg sløkkjer ut augo dine, og syg mergen or beini dine; og alle som veks upp i ditt hus, skal døy i dei beste manndomsåri.
- 34 Og det skal du hava til merke, det som kjem yver sønerne dine, Hofni og Pinehas: på ein dag skal dei båe døy.
- 35 Eg vil reisa meg upp ein pålitande prest som gjer etter min hug og vilje. Åt honom vil eg byggja eit traust hus, so han allstødt skal gjera tenesta framfor den eg salvar.
- 36 Då vil det henda at alle som vert att i ætti di, kjem og kastar seg å gruve for honom og tiggar um ein skilling eller ein brødleiv, og segjer: «Kjære væne, set meg til medhjelpar i eit av preste-embætti dine, so eg kann få ein bite mat å eta!»»»
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.