-
WORD Research this...2 Samuel 18
- 1 David mynstra folket sitt og sette førarar og underførar yver deim.
- 2 So sende David ut folket; den eine tridjeparten under Joab, den andre tridjeparten under Abisai Serujason, bror åt Joab, og den tridje under Ittai frå Gat. Og kongen sagde til folket: «Eg er fast meint på å draga ut sjølv med dykk.»
- 3 Men dei svara: «Du fær ikkje draga ut. Um me lyt røma, bryr ingen seg um oss. Um helvti av oss vert drepne, bryr ingen seg um oss. Men du er no jamgod med titusund av oss. Difor er det likare at du er budd på å koma oss til hjelp frå byen.»
- 4 Kongen sagde: «Det de meiner er best, det vil eg gjera.» So tok kongen post attmed porten. Og heile heren drog ut i hundrad og i tusund.
- 5 Kongen baud Joab, Abisai og Ittai: «Far no varsamt med den unge mannen, med Absalom!» Heile heren høyrde kva kongen baud herhovdingarne um Absalom.
- 6 So drog heren ut i opi marki mot Israel. Og det kom til slag i Efraimsskogen.
- 7 Der vart Israels-heren slegen av Davids herfolk. Og vart stort mannefall millom deim den dagen: tjuge tusund mann.
- 8 Slaget spreidde seg utyver heile den kanten av landet. Og skogen øydde fleire folk den dagen enn sverdet.
- 9 Det bar so til at Absalom råka på nokre av folki åt David. Han reid på eit muldyret. Og då muldyret kom inn under dei tette greinerne av ei stor eik, vart hovudet hans klemt fast millom greinerne. Og han vart hangande millom himmel og jord. For muldyret han reid på, sprang sin veg.
- 10 Ein mann som såg det, melde det til Joab: «Eg fekk sjå Absalom hangande i ei eik der burte.»
- 11 Joab spurde bodberaren: «Når du såg det, kvifor slo du honom ikkje til marki med same? So skulde eg gjerne ha gjeve deg ti sylvdalar og eit belte for det.»
- 12 Mannen svara: «Um eg so skulde fenge ti tusund sylvdalar upp i neven, so ikkje eg leggja hand på kongssonen. Me høyrde då med eigne øyro kor kongen baud deg og Abisai og Ittai: «Tak vare på den unge mannen, på Absalom, for meg.»
- 13 Og hadde eg gjort svik mot hans liv - for ingen ting vert løynd for kongen - so vilde du halde deg utanfor.»
- 14 «Eg vil ikkje hefta tidi lenger meg deg,» sagde Joab, treiv tri spjot i handi, og deim rende han i bringa på Absalom, som endå hekk livande millom greinerne på eiki.
- 15 So kom ti sveinar til, Joabs våpnsveinar, og gav Absalom banehogg.
- 16 Joab bles i luren. Og herfolket heldt upp med å forfylgja Israel, då Joab baud deim stogga.
- 17 Dei tok og kasta Absalom i ei stor grop i skogen, og hauga i hop ei veldug steinrøys yver honom. Heile Israel tok til rømings kvar til seg.
- 18 Absalom sjølv hadde i livande live teke og reist upp til minne for seg den merkesteinen som stend i Kongsdalen; med di han sagde: «Eg hev ingen son til å halda uppe namnet mitt!» Han kalla merkesteinen etter sitt namn; og han heiter «Absaloms minne» endå den dag i dag.
- 19 Ahima’as Sadoksson sagde: «Lat meg skunda meg og melda kongen fagnadtiendi, at Herren hev hjelpt honom til retten sin mot uvenerne sine!»
- 20 «Nei,» sagde Joab, «det vert inkje fagnadbod det du hev å bera i dag. Ein annan dag kann du koma med fagnadtiend. Men i dag vert det ingen fagnadtiend; for det er son åt kongen som er avliden.»
- 21 So baud Joab ein ætiop: «Gakk og meld kongen det du hev set!» Ætiopen fall ned for Joab og sprang av stad.
- 22 Ahima’as Sadoksson bad Joab andre gongen: «Kome kva kome vil: lat meg springa eg og, etter ætiopen!» Joab svara: «Kvifor vil du det, guten min? Dette er då ikkje nokor fagnadtiend, som du kann venta løn for!»
- 23 Han sagde: «Koma kva kome vil: eg spring!» «So spring då!» sagde Joab. Og Ahima’as sprang, og tok vegen yver Jordan-kverven og kom fyre ætiopen.
- 24 David sat inni dubbelporten. Og ein vaktmann steig upp på porttaket innmed muren. Då han skoda ut, fekk han sjå ein koma springande åleine.
- 25 Vaktmannen ropa og melde det åt kongen. Då sagde kongen. «Er han åleine, so hev han eit fagnadbod å bera fram. Men medan han kom næmare,
- 26 fekk vaktmannen sjå ein annan kom springande. Då ropa vaktmannen ned til portvakti: «No ser eg ein til kjem springande åleine.» Kongen sagde: «Han kjem og med fagnadbod.»
- 27 Vaktmannen sagde: Etter måten å springa på, tykkjer eg den fyrste må vera Ahima’as Sadoksson.» Kongen sagde: «Han er ein god mann! han kjem visseleg med fagnadtidend.»
- 28 Ahima’as ropa til kongen: «Heil og sæl!» So fall han å gruve til jordi framfor kongen og sagde: «Lova vere Herren, din Gud! Han hev gjeve deg dei mennerne som lyfte handi mot deg, herre konge!»
- 29 Kongen spurde: «Stend det vel til med den unge mannen, med Absalom?» Ahima’as svara: «Eg såg ei stor mannemuge då Joab sende den andre kongstenaren og meg. Men eg veit ikkje kva det galdt.»
- 30 Kongen sagde: «Gakk til sides, og statt der!» Han so gjorde.
- 31 Nett då kom ætiopen. Han sagde: «Tak imot fagnadbodet, herre konge, at i dag hev Herren gjeve deg rett mot alle deim som reiste seg mot deg.»
- 32 Kongen spurde ætiopen: «Stend det vel til med den unge mannen, med Absalom?» Ætiopen svara: «Gjev det må ganga soleis med uvenerne dine, herre konge, og med alle som reiser seg mot deg og vil gjera deg mein, som det gjekk med den unge mannen!»
- 33 Då vart kongen reint ille ved, gjekk upp i taksalen yver porten, og gret. Og alt medan han gjekk, jamra han: «Absalom, son min, Absalom, son min, son min! Gjev eg hadde døytt i staden din! Absalom, son min, son min!»
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.