-
WORD Research this...Jeremiah 7
- 1 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:
- 2 Gakk og statt i porten til Herrens hus og ropa der ut dette ordet, og seg: Høyr Herrens ord, alt Juda, de som gjeng inn gjenom desse portarne og vil tilbeda Herren!
- 3 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Lat dykkar vegar og dykkar gjerningar betrast, so skal eg lata dykk bu på denne staden.
- 4 Lit ikkje på ljugarord, når dei segjer: «Dette er Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens tempel.»
- 5 Men um de let dykkar vegar og gjerningar betrast, um de skifter rett millom mann og mann,
- 6 ikkje er harde mot den framande, den farlause og enkja, og ikkje renner ut skuldlaust blod på denne staden, og ikkje ferdast etter andre gudar til ulukka for dykk sjølve,
- 7 då vil eg lata dykk bu på denne staden, i landet som eg gav federne dykkar, frå æva og til æva.
- 8 Sjå, de lit på ljugarord som det ikkje er gagn i.
- 9 Er det ikkje so: de stel, myrder og driv hor og gjer rang eid og brenner røykjelse for Ba’al og fer etter andre gudar som de ikkje kjenner,
- 10 og so kjem de og stend framfor mi åsyn i dette huset som er uppkalla etter mitt namn, og segjer: «No er me berga» - so de sidan kann gjera all denne styggedomen.
- 11 Er då dette huset som er uppkalla etter mitt namn vorte eit røvarbol i dykkar augo? Eg med, sjå eg ser på det soleis, segjer Herren.
- 12 For gakk til bustaden min i Silo, der som eg i fyrstningi let namnet mitt bu, og sjå kva eg hev gjort med det for vondskapen skuld i mitt folk Israel.
- 13 Og no, etter di de gjer alle desse gjerningarne, segjer Herren, og eg tala jamt og samt, men de lydde ikkje, eg kalla på dykk, men de svara ikkje,
- 14 so vil eg gjera med det huset som er uppkalla etter mitt namn, og som de lit på, og med den staden eg gav dykk og federne dykkar, likeins som eg hev gjort med Silo.
- 15 Og eg vil støyta dykk burt frå mi åsyn, likeins som eg støytte frå meg alle brørne dykkar, all Efraims ætt.
- 16 Men du, du skal ikkje beda for dette folket og ikkje koma med klagerop eller bøn for deim og ikkje naudbeda meg, for eg høyrer deg ikkje.
- 17 Ser du ikkje kva dei gjer i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne?
- 18 Borni sankar i hop ved, og federne kveikjer elden, og kvinnorne knodar deig til å laga kakor åt himmeldronningi, og drykkoffer renner dei ut for andre gudar, til å gjera det leidt for meg.
- 19 Gjer dei då meg noko leidt? segjer Herren, er det ikkje seg sjølve, so skammi må liggja utanpå deim?
- 20 Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, min vreide og min harm vert utrend yver denne staden, yver menneskja og yver dyri og yver trei på marki og yver grøda på jordi, og han skal brenna og ikkje slokna.
- 21 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Legg brennofferi dykkar attåt slagtofferi og et kjøt?
- 22 For den dagen eg førde federne dykkar ut or Egyptarlandet, tala eg ikkje med deim um eller gav deim noko bod um brennoffer og slagtoffer.
- 23 Men dette baud eg deim og sagde: «Lyd mi røyst, so skal eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk, og gakk allstødt på den vegen som eg byd dykk, so det kann ganga dykk vel.»
- 24 Men dei lydde ikkje og lagde ikkje øyra sitt til, men ferdast etter sine eigne råder, sitt harde vonde hjarta, og dei snudde ryggen til meg og ikkje andlitet.
- 25 Alt ifrå den dagen då federne dykkar for ut or Egyptarlandet og heilt til denne dag hev eg dagstødt, jamt og samt, sendt alle mine tenarar, profetarne, til dykk.
- 26 Men dei lydde ikkje på meg og lagde ikkje øyra sitt til, men dei var hardnakka og for enn verre fram enn federne deira.
- 27 Og du skal tala alle desse ordi til deim, men dei vil ikkje lyda på deg, og du skal ropa åt deim, men dei vil ikkje svara deg.
- 28 Seg då med deim: «Dette er folket som ikkje lydde på Herren, sin Guds, røyst og ikkje let seg aga; truskapen er burt kvorven og ut-øydd or deira munn.»
- 29 Klypp av håret ditt og kasta det burt og set i med eit syrgjekvæde på dei snaude haugar! For Herren hev vanda og støytt frå seg denne ætti som han er harm på.
- 30 For Juda-sønerne hev gjort det som vondt er i mine augo, segjer Herren. Dei hev sett sine styggeting i det huset som er uppkalla etter mitt namn, og sulka det.
- 31 Og dei hev bygt Tofet-haugar, dei som er i Hinnomssons-dalen, til å brenna sine søner og døtter i eld på - som eg ikkje hev bode, og som ikkje var kome meg i hugen.
- 32 Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då ein ikkje lenger skal segja «Tofet» eller «Hinnomssons-dalen», men «Dråpsdalen», og dei skal gravleggja i Tofet, av di dei vantar rom.
- 33 Og liki av dette folket skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jord, og ingen skal skræma deim burt.
- 34 Då vil eg lata kverva burt or byarne i Juda og frå gatorne i Jerusalem fagnadrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur, for landet skal verta lagt i øyde.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Basic Hash Usage Explained
At getBible, we've established a robust system to keep our API synchronized with the Crosswire project's modules. Let me explain how this integration works in simple terms.
We source our Bible text directly from the Crosswire modules. To monitor any updates, we generate "hash values" for each chapter, book, and translation. These hash values serve as unique identifiers that change only when the underlying content changes, thereby ensuring a tight integration between getBible and the Crosswire modules.
Every month, an automated process runs for approximately three hours. During this window, we fetch the latest Bible text from the Crosswire modules. Subsequently, we compare the new hash values and the text with the previous ones. Any detected changes trigger updates to both our official getBible hash repository and the Bible API for all affected translations. This system has been operating seamlessly for several years.
Once the updates are complete, any application utilizing our Bible API should monitor the hash values at the chapter, book, or translation level. Spotting a change in these values indicates that they should update their respective systems.
Hash values can change due to various reasons, including textual corrections like adding omitted verses, rectifying spelling errors, or addressing any discrepancies flagged by the publishers maintaining the modules at Crosswire.
The Crosswire initiative, also known as the SWORD Project, is the "source of truth" for getBible. Any modifications in the Crosswire modules get reflected in our API within days, ensuring our users access the most precise and current Bible text. We pledge to uphold this standard as long as getBible exists and our build scripts remain operational.
We're united in our mission to preserve the integrity and authenticity of the Bible text. If you have questions or require additional information, please use our support system. We're here to assist and will respond promptly.
Thank you for your understanding and for being an integral part of the getBible community.
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.